Holmenkollbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holmenkollbakken

Kart
Holmenkollbakken
59°57′50″N 10°40′04″E / 59.963888888889°N 10.667777777778°E / 59.963888888889; 10.667777777778
Holmenkollbakken i 2010.
Holmenkollen og Midtstubakkane i 2015.

Holmenkollbakken er ein hoppbakke som ligg i Holmenkollen nasjonalanlegg i Oslo. Bakken er eit landemerke i Oslo, Noregs mest besøkte turistattraksjon, og er truleg verdas mest kjende hoppbakke. Med historie att til 1892 er den også ein av verdas eldste hoppbakkar som framleis er i bruk. Etter siste ombygging har Holmenkollbakken K-punkt på 120 meter og bakkestorleik 134 meter. Den blei brukt under OL i 1952, VM i 1930, 1966, 1982 og 2011, og blir også årleg brukt i verdscupen i spesialhopp og kombinert.

Bakkerekorden er 141 meter, sett av Andreas Kofler frå Austerrike, 5. mars 2011. Anders Jacobsen hoppet 142,5 meter under NM stor bakke 8. februar 2011.

Holmenkollbakken er blitt ombygd til saman 19 gongar, siste gong før Ski-VM 2011. Sommaren 2011 får bakken plastmatter, slik at den også skal kunne bli brukt i sommarhalvåret. Dagens Holmenkollbakke er teikna av det belgisk-danske arkitektfirmaet JDS Architects, og eigd av Oslo kommune.

Bakkerekordar[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Dato Namn Lengd
31. januar 1892 Flagget til Noreg Arne Ustvedt 21,5 m
30. januar 1893 Flagget til Noreg Ingemann Sverre 22 m
1893 Flagget til Noreg Jonas Holmen 22,5 m
1893 Flagget til Noreg Iver Dahl 23 m
24. februar 1896 Flagget til Noreg Kristian Tandberg 24 m
1896 Flagget til Noreg Cato Aall 24,5 m
1897 Flagget til Noreg Eivind Roll 25 m
1897 Flagget til Noreg Morten Hansen 25,5 m
3. februar 1902 Flagget til Noreg Reidar Gjølme 29,5 m
1. mars 1909 Flagget til Noreg Leif Berg 31 m
6. mars 1911 Flagget til Noreg Tore Viker 33 m
1914 Flagget til Noreg Paul Braathen 33,5 m
1914 Flagget til Noreg Johs. Thomassen 34 m
2. mars 1914 Flagget til Noreg Ole Grimsby 35 m
1917 Flagget til Noreg Gregorius Gravlid 35,5 m
1917 Flagget til Noreg Hans Olsen Oset 36 m
26. februar 1917 Flagget til Noreg Inge Roll 37,5 m
1918 Flagget til Noreg Ivar S. Dahl 38 m
25. februar 1918 Flagget til Noreg Josef Henriksen 42 m
27. februar 1922 Flagget til Noreg Narve Bonna 43,5 m
27. februar 1922 Flagget til Noreg Jacob Tullin Thams 46 m
1928 Flagget til Noreg Harald Sørensen 47 m
1928 Flagget til Noreg Hans Vinjarengen 47,5 m
4. mars 1928 Flagget til Noreg Alf Andersen 48 m
1929 Flagget til Noreg Roar Hellum 48,5 m
1929 Flagget til Noreg Bjarne Rosén 49,5 m
3. mars 1929 Flagget til Noreg Arvid Smedsrud 50 m
1930 Flagget til Noreg Olav Ulland 50,5 m
1930 Flagget til Noreg Knut Kobberstad 51 m
2. mars 1930 Flagget til Noreg Reidar Andersen 52 m
6. mars 1938 Flagget til Noreg Trygve Gundersen 54,5 m
1939 Flagget til Noreg Harry Lagert 55 m
1939 Flagget til Noreg Thorstein Skinnarland 57 m
1939 Flagget til Noreg Magnar Fosseide 58 m
1939 Flagget til Noreg Ole Jansen 58 m
1939 Flagget til Noreg Tore Fossbekk 59 m
1939 Flagget til Noreg Einar Burdal 59,5 m
5. mars 1939 Flagget til Sverige Sven Selånger 62 m
Dato Namn Lengd
1940 Flagget til Noreg Reidar Karlsen 65,5 m
1940 Flagget til Noreg Sigurd Haanes 66 m
1940 Flagget til Noreg Jens Østby 68 m
1940 Flagget til Noreg Kolbjørn Skjæveland 68,5 m
1947 Flagget til Noreg Olav Stavik 70 m
2. mars 1947 Flagget til Noreg Hans Kaarstein 71 m
8. mars 1959 Flagget til Austerrike Otto Leodolter 71,5 m
7. januar 1962 Flagget til Noreg Tom Kristensen 71,5 m
1962 Flagget til Noreg Tormod Knutsen 73,5 m
1962 Flagget til Japan Yosuke Eto 78 m
1962 Flagget til Noreg Toralf Engan 78,5 m
18. mars 1962 Flagget til Noreg Toralf Engan 80,5 m
1963 Det amerikanske flagget Gene Kotlarek 82,5 m
17. mars 1963 Flagget til Noreg Torbjørn Yggeseth 84,5 m
1964 Flagget til Finland Veikko Kankkonen 85 m
15. mars 1964 Flagget til Finland Veikko Kankkonen 87 m
14. mars 1965 Flagget til Noreg Lars Grini 89 m
16. mars 1968 Flagget til Noreg Gjert Andersen 89,5 m
17. mars 1968 Flagget til Noreg Bjørn Wirkola 91 m
16. mars 1969 Flagget til Finland Topi Mattila 92 m
1976 Flagget til Noreg Per Bergerud 92,5 m
14. mars 1976 Flagget til Austerrike Karl Schnabl 96,5 m
13. mars 1977 Det austtyske flagget Thomas Meisinger 98,5 m
16. mars 1980 Flagget til Noreg Tom Levorstad 105 m
1980 Flagget til Noreg Ole Bremseth 108,5 m
15. mars 1981 Flagget til Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia Primož Ulaga 109,5 m
16. mars 1985 Det austtyske flagget Heiko Hunger 110,5 m
1992 Flagget til Noreg Jon Inge Kjørum 113,5 m
1993 Flagget til Noreg Steinar Solhaug 114,5 m
1994 Flagget til Austerrike Mario Stecher 126,5 m
1997 Flagget til Noreg Håvard Lie 127 m
1999 Flagget til Noreg Olav Magne Dønnem 131 m
12. mars 2000 Flagget til Tyskland Sven Hannawald 132,5 m
13. mars 2005 Flagget til Austerrike Andreas Widhölzl 134 m
25. januar 2006 Flagget til Noreg Tommy Ingebrigtsen 136 m
14. mars 2010 Flagget til Noreg Bjørn Einar Romøren 137 m
14. mars 2010 Flagget til Austerrike Andreas Kofler 139,5 m
5. mars 2011 Flagget til Austerrike Andreas Kofler 141 m

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Dato Namn Lengd
1974 Flagget til Noreg Anita Wold 76 m
12. mars 2000 Flagget til Sverige Helena Olsson 101 m
11. mars 2001 Flagget til Austerrike Daniela Iraschko 110 m
17. mars 2002 Flagget til Noreg Anette Sagen 116 m
9. mars 2003 Flagget til Noreg Anette Sagen 123 m
1. februar 2004 Flagget til Noreg Anette Sagen 127,5 m
12. mars 2005 Flagget til Noreg Anette Sagen 128 m

Bakgrunnssstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Holmenkollbakken