Holmenkollen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Holmenkollen hoppbakke om vinteren

Holmenkollen ligg på toppen av Oslo, som inngangsport til Marka. Området vart tatt i bruk som rekreasjonsområde for over 100 år sidan. Somarstid er turgåing, fiske, sykling og kanopadling populære aktiviteter. Vinterstid er området ein ynda utfartsstad for folk i Oslo. Idag er Holmenkollen ein av Noregs mest kjende turistattraksjonar med over 1 million vitjande kvart år.

Innhaldsliste

[endre] Holmenkollbakken

Tårnet i Holmenkollbakken
Utsikt fra Holmenkollbakken med Besserudtjernet

Holmenkollbakken vart opna i 1892 med ein bakkerekord på 21,5 meter, men er ombygd mange gongar sidan. Bakken var arena for det olympiske hopprennet i 1952 samt VM i 1966 og i 1982. Bakkerekorden (2005) er 136 meter, og vart sett av Tommy Ingebrigtsen i NM-rennet 25. januar 2006. Tårnet ligg 60 meter over bakken og 417 meter over havet. Bakken er eit kjendt landemerke i Oslo, og han er også ein av dei mest kjende hoppbakkene i verda.

Det første hopprennet i Holmenkollbakken vart arrangert 31. januar 1892, med over 10 000 tilskodarar. Det første stillaset vart reist i 1914. Dåverande kronprins Olav deltok i Holmenkollrenna i 1922 og 1923. I 1946 kom over 100 000 tilskodarar til Fredsrennet for å hylle kong Haakon VII.

Det spesielle hopprennet under OL i Oslo i 1952 vart arrangert i Holmenkollen, og også då var det over 100 000 tilskodarar til stades. Holmenkollbakken var også arena for det spesielle hopprennet (stor bakke) i VM i 1966 og 1982. Den foreløpig siste utbygginga av bakken vart utført i 1992.

I dag har bakken eit kritisk punkt på 115 meter (bakkestorleik 128 meter). Bakkerekorden i Holmenkollen er 136 meter, sett av Tommy Ingebrigtsen i NM-rennet 25. januar 2006. Bakkerekorden for kvinner har Anette Sagen med 131 meter, også sett i NM 25. januar 2006.

[endre] Besserudtjernet

I botnen av bakken ligg om somaren Besserudtjernet. Der har mellom anna show-rennet «Ta Sjansen» vorte arrangert. Om vinteren vert vatnet tappa ut, og botnen av tjernet er sletta i hoppbakken. I dag er det plass til om lag 50 000 tilskodarar i Holmenkollbakken.

[endre] Ny bakke

Bygging av ny bakke er i gang, mars 2009.

25. mai 2006 vart VM i ski i 2011 tildelt Oslo og det betyr samtidig at det vil bli bygd ein ny bakke i Holmenkollen og forbedringar av anlegget. Hoppbakken som står det no vil bli rive i 2007 og bygd opp i moderne utgåve. Han skal få eit K-punkt på 136 meter mot 128 i dag. I tillegg skal det byggjast eit permanent vindsegl som skal ta av 40 prosent av vinden for hopparane. Totalt vil den nye storbakken koste 310 millionar kroner.

I tillegg skal ein bygge ny normalbakke i Midtstuen og fem mindre bakkar. Langrennsstadion skal også bli betre med større tribunar og ny innspurt. Både Staten og Oslo Kommune har garantert for utbyggjinga.

I 2004 og 2005 gjekk Skiforbundet inn for å bygge eit nytt hoppanlegg i Rødkleiva i Oslo. Planane var å bygge ein middels stor hoppbakke som etter kvart skulle byggast ut til ein stor skiflygingsbakke. Politikerne sa likevel nei til å støtte eit slikt prosjekt.

[endre] Bakkerekordar

Utvalgde bakkerekordar (kilde: skisprungschanzen-archiv.de):

[endre] Skimuseet

Skimuseet i Holmenkollen har sidan 1983 låge i fjellet ved sidan av hoppbakken. Skimuseet i Holmenkollen er verdas eldste skimuseum for ski og skihistorisk utstyr.

[endre] Holmenkollen kapell

Holmenkollen kapell ligg like ved Holmenkollbakken. Det vart bygd i 1903, og gjenoppbygd i 1996 etter ein påsatt brann. Kapellet er ettertrakta for vigsler, og Kongefamilien har som tradisjon å feire jula med ei vitjing hit.

Holmenkollen kapell

[endre] Transport

Bil: Køyr ring 3 og ta av ved Smestad, der det er skilta vidare til Holmenkollen.
T-bane: Linje 1 går frå sentrum til Holmenkollen.

[endre] Bakgrunnsstoff