Holmsundfjorden

Koordinatar: 67°2′45.672″N 14°14′47.476″E / 67.04602000°N 14.24652111°E / 67.04602000; 14.24652111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°2′45.672″N 14°14′47.476″E / 67.04602000°N 14.24652111°E / 67.04602000; 14.24652111

Sandhornøy bru går over Tverrsundet nord i Holmsundfjorden

Holmsundfjorden er ein fjord i Gildeskål kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Morsdalsfjorden og ligg på sørsaustsida av Sandhornøya og strekkjer seg 9 km nordover til Nordsandnes der han møter Nordfjorden som går vidare nordover og Beiarfjorden som går austover.

I sør startar fjorden mellom Kvarsnes i vest og Lefsneset i aust. Holmsundøy ligg om lag midt i fjorden eit stykke sør. Litt lenger nord ligg grenda Skjelvika på vestsida. Nord for Skjelvika ligg Tverrsundet. Her kryssar Fv472 fjorden via den 374 meter lange Sandhornøy bru. Tverrsundet går rundt Framnes og endar ved Nordsandnes som markerer den nordlege grensa til Holmsundfjorden.

Fylkesveg 17 går langs austsida av fjorden.