Holspegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holspegel

Holspegel er ein spegel med konkav speglflate, vanlegvis anten sfærisk, slik som innsida av ei kuleflate, eller parabolsk, som innsida av ein paraboloide. Spegelbiletet frå ein holspegel kan vere reelt slik at det kan fangast opp på ein skjerm føre spegelen, eller virtuelt som ved vanlege speglar.

Virtuelt bilete oppstår når lekamen som skal avbildast vert plassert mellom spegelen og brennpunktet til spegelen. Biletet blir då forstørra, omtrent som når ein ser gjennom ei lupe. På denne måten blir holspeglar nytta mellom anna som tannlegespegel.

Reelt bilete oppstår når gjenstanden er plassert utanfor brennpunktet. Slik nyttar ein holspeglar i spegelkikkeratar i astronomien. Himmellekamane blir avbilda i brennpunktet til spegelen og ein ser biletet gjennom eit linsesystem. Om ein plasserer ei lyskjelde i brennpunktet til ein parabolsk holspegel, vert stråler frå lyskjelda parallelle etter refleksjonen. Dette vert nytta i lyskastarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]