Homage to Catalonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Homage to Catalonia, kalla Hyllest til Catalonia på norsk, er ei bok frå 1938 av George Orwell som handlar om opplevingar forfattaren hadde under den spanske borgarkrigen.

På slutten av året 1936 kom Orwell som avisreporter til Barcelona, for å skrive reportasjar om den spanske borgarkrigen. Medriven av den revolusjonære stemninga i byen, slutta han seg til det venstresosialistiske partiet POUM, og slost ved fronten i deira milits mot fascistane.

Tilhøva ved fronten var dårlege. Den verste fienden var ofte kulde, lus og dårlege gamle våpen. Men trass i dårleg utstyr var kampviljen til dei spanske antifascistane, for det meste arbeidarar og ungdom, ubroten. «Fascistane skal ikkje komma gjennom, den sosialistiske revolusjonen skal førast vidare. Den spanske borgarkrigen er ein krig mellom verdssyn.»

Då Orwell sidan må sjå på at stalinistiske krefter faktisk går imot revolusjonen og sjaltar ut andre sosialistiske krefter, blir han ein bestemt motstandar av den kommunistiske lina, og ein endå sterkare sympatisør med anarkistane og dei såkalla trotskistane i POUM (Trotskij tok for øvrig avstand frå POUM sin politikk, og meinte han var for moderat og samarbeidsvillig i høve til delstatsregjeringa i Catalonia).

Homage to Catalonia er ei av dei viktigaste og mest rørande skildringane av den spanske borgarkrigen, og særleg den dobbelte borgarkrigen: Antifascistar mot fascistar, stalinistar og borgarlege republikanarar mot anarkistar og POUM-medlemmer.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

På nett[endre | endre wikiteksten]

Homage to Catalonia kan ein lesa i original engelskspråkleg versjon på nettet, her [1]