Homburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Homburg
Singel av Procol Harum
B-side «Good Captain Clack»
Utgjeve Oktober 1967
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Keith Reid
Procol Harum-kronologi
«A Whiter Shade of Pale»
(1967)
Homburg «Quite Rightly So»
(1968)

«Homburg» er ein song av Procol Harum frå 1967 og oppfølgjaren deira til singelen «A Whiter Shade of Pale». Han var skriven av pianist Gary Brooker og tekstforfattar Keith Reid og singelen nådde femteplass i Storbritannia, 15. plass i Canada og 34. plass i USA. Han nådde toppen av singellista i fleire land, som Australia, Sør-Afrika og Nederland.

Teksten til Reid inneheld dei same surrealistiske, draumeaktige bileta og kjensla av resignasjon og unytte som i debutsingelen. Òg på denne songen finn ein den rike og djupe hammondorgellyden til Matthew Fisher, men pianoet og gitaren tar større plass i det totale lydbiletet. Temaet er ikkje like Bach-aktig som på «A Whiter Shade of Pale», men singelen vart likevel kritisert for å vere for lik føregangaren.[1]

B-sida av singelen er «Good Captain Clack» frå albumet Procol Harum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johansen, Claes. Procol Harum. Beyond the Pale.  SAF Publishing, London 2000