Home av Procol Harum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Home
Studioalbum av Procol Harum
Språk engelsk
Utgjeve 5. juni 1970
Innspelt 1970
Studio EMI Studios i London
Sjanger progressiv rock
Lengd 39:11
Selskap Polydor
Produsent Chris Thomas
Procol Harum-kronologi 
A Salty Dog
(1969)
Home Broken Barricades
(1971)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Christgau's Record GuideC+[2]
Rolling Stone(ikkje vurdert)[3]

Home er det fjerde albumet til Procol Harum og kom ut i 1970. Etter at bassisten David Knights gav seg i bandet, vart han erstatta av Chris Copping. Han hadde tidlegare spelt i The Paramounts i lag med Brooker, Wilson og Trower, som alt var i bandet. The Paramounts var dermed på dette albumet på sett og vis samla att, men med eit anna namn. Dei tok inn Copping for å gå attende til ein meir R'n'B-stil, slik The Paramounts hadde spelt.[4]

Dei første innspelingane vart gjort i London i Trident Studios i lag med den tidlegare organisten deira Matthew Fisher, som òg hadde produsert det førre albumet til bandet. Dei var ikkje nøgd med lyden og framføringane og skrinla desse innspelingane, og starta på ny med produsent Chris Thomas og lydteknikar Jeff Jarratt ved Abbey Road Studios. Då albumet var ferdig ønskte dei eit plateomslag som parodierte Stegespelet med medlemmar av bandet som brikker.

Då albumet kom ut i juni 1970 nådde det 34. plassen i USA og 49. plassen i Storbritannia. «Whiskey Train» vart gjeven ut som singel, skriven av gitarist Robin Trower med tekst av Keith Reid.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Whisky Train»Robin Trower, Reid4:31
2.«The Dead Man's Dream» 4:46
3.«Still There'll Be More» 4:53
4.«Nothing That I Didn't Know» 3:38
5.«About to Die»Trower, Reid3:35
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Barnyard Story»2:46
2.«Piggy Pig Pig»4:47
3.«Whaling Stories»7:06
4.«Your Own Choice»3:13
Bonusspor
Nr.TittelLengd
1.«Still There'll Be More» (opptak 3; råopptak)4:57
2.«Whaling Stories» (råopptak)7:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Jeff Jarratt - lydteknikar
  • Helmut Hastenteufel - design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce (2011). «Home – Procol Harum | AllMusic». allmusic.com. Henta 4. september 2019. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. von Tersch, Gary (2011). «Procol Harum: Home : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 23. mai 2009. Henta 4. september 2019. 
  4. CD-heftet til Home
  5. Billboard Charts 1970

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]