Homogenitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Homogen)

Homogenitet tyder likskap eller noko som er einsarta og stammar frå det greske ordet homos, som omsett tyder lik eller einsarta og genos som tyder sort eller type. Det motsette av homogenitet er heterogenitet, som tyder noko som er ueinsarta eller ulikskap.

I zoologien kan ein til dømes snakke om homogene arter, underarter og rasar. Ein meiner då helst at individa gjev eit einsarta uttrykk, noko som tyder at dei liknar særs mykje på kvarandre. På saman måte kan ein innan biologien snakke om ein homogen familie, gruppe, delgruppe o.l. Snakkar ein om ei homogen folkegruppe kan det til dømes tyde at dei har særs like synspunkt og meiningar eller det kan vere snakk om biologiske likskapar.

Snakkar ein om homogene produkt meiner ein gjerne at produkta er så like at forbrukarane kan ha problem med å skilje mellom dei, ofte på ein slik måte at det blir utan tyding kva for eit av produkta ein vel. Ein kan likevel òg snakke om homogeniserte produkt, til dømes homogenisert mjølk. Dette er mjølk der feittet har vorte finfordelt (jamfordelt) gjennom ein homogeniseringsprosess, slik at blandinga blir meir homogen – jamfordelt.

Homogenitet i tidsseriar[endre | endre wikiteksten]

Dersom ein ved gjentekne målingar av ein parameter ynskjer å studere utvikling over tid, vil det vere naudsynt i størst mogleg grad å sørge for einsarta (homogene) måleforhold. Dette er for å få hindre «støy» frå utanforliggande tilhøve, slik at målingane blir samanliknbare.

Døme: For å kunne vurdere om det skjer klimaendringar, treng ein målingar av temperatur over lang tid. Det er i denne samanhengen viktig med meteorologiske stasjonar som har levert data samanhengande i fleire tiltals år. I løpet av ein slik periode vil det skje endringar ved stasjonen. Det kan vere mindre flyttingar av måleutstyret, som gjer stasjonen meir eller mindre eksponert for vêr og vind. Det kan vere endringar i omgivnadene med same effekt (vegetasjon eller bygningar som blir fjerna eller kjem til, asfaltering osb). Nye instrument kan vere meir eller mindre nøyaktige. Ein ny observatør kan følgje ein annan rutine ved observasjonen.

Desse og andre omstende kan gjere at målingane over tid ikkje er direkte samanliknbare. Eit visst slingringsmonn må alltid påreknast, og det vil vere opp til fagfolk (eller oppdragsgjevar) i kvart enkelt tilfelle å vurdere om ein måleserie faktisk er homogen eller ikkje. For å bidra til slik vurdering er det viktig at målingane skjer etter nøye fastlagde rutinar, og at det førast logg over dei endringane som skjer i rutinar og måleforhold.

Dersom ein må gjere endringar, vil det vere nyttig over ein periode å gjere parallelle målingar under gamle og nye tilhøve. Det kan f.eks blir gjort om ein flyttar ein vêrstasjon 200 meter lenger inn i eit dalføre, eller om ein går over frå manuelle til automatiske målesystem. Det blir då mogleg å sjå kor mykje utslag endringa eventuelt gjev. Ein kan så velje å justere verda frå den eine halvdelen av serien. Dette blir kalla å homogenisere serien. Det vil ofte vere eit svært omfattande og komplisert arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]