Homogenisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Homogenisering er ein prosess som hindrar feittet i mjølka i å flyte opp til overflata.

Feittet flyt i mjølka som små kuler av feitt og protein, frå 1 til 10 mikron i diameter. Sidan feittet er lettare enn vatn, vil kulene flyte opp til overflata, dei store kulene raskare enn dei små. Ved å homogenisere findeler ein desse feittkulene til ein mindre størrelse, slik at dei ikkje vil ha same laget for å stige opp til overflata.

Ved homogeniseringa vert mjølka utsett for trykkskiftingar slik at feittkulene vert slegne sund. Sæterrømme vert homogenisert under lågare trykk enn Crème Fraîche, slik får rømmen slepper feittet ved koking av graut, medan Crème Fraîche toler koking utan å skilje frå seg feittet [1].

Vanleg heilmjølk og lettmjølk vert homogonisert før ho kjem i handelen. Skummamjølk inneheld berre 0,1 % feitt, og så den er det ikkje meining i å homogenisere. Fløyte homogeniserer ein ikkje, sidan ho skal kunne piskast til krem. Homogenisering ville også gjere fløyta mindre haldbar, sidan det frie feittet i homogonisert mjølk lettare harsknar.

Økologisk mjølk kan verte homogenisert, men mange vil rekne homogenisering som ein unaturleg prosess som ikkje høver for eit økologisk naturprodukt.

Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.