Honky Tonk Women

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Honky Tonk Women»
Singel av The Rolling Stones
B-side «You Can’t Always Get What You Want»
Utgjeve 4. juli 1969
Innspelt Olympic Studios i London, 1969
Sjanger Countryrock
Lengd 3:02
Selskap Decca F.12952 (UK)
London 45.910 (US)
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi
«Street Fighting Man»
(1968)
«Honky Tonk Women» «Brown Sugar»
(1971)

I met a gin-soaked, bar-room queen in Memphis
She tried to take me upstairs for a ride
She had to heave me right across shoulder
’Cause I just can’t seem to drink you off my mind

Jagger/Richards

«Honky Tonk Women» er ein song av The Rolling Stones frå 1969. Han vart gjeven ut på singel 4. juli 1969 i Storbritannia, og ei veke seinare i USA. Han vart ein stor hit og toppa salslistene i begge land.[1]

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det vart spelt inn to utgåver av songen. Den kjende hitten som kom ut som singel og ei honky-tonk-utgåve kalla «Country Honk» som kom ut på albumet Let it Bleed med ein noko anna tekst. Ei konsertutgåve vart gjeven ut på Get Yer Ya-Ya’s Out og er forskjellig frå begge desse to versjonane, med ein særleg annleis gitarintroduksjon og eit nytt andrevers.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards medan dei var på ferie i Brasil frå seint i desember 1968 til tidleg i januar 1969. Dei var inspirert av brasilianske gauchoar på ein farm der Jagger og Richards budde og songen var opphavleg skriven som ein akustisk countrysong.[2]

Tematisk viser «honky tonk woman» til ei dansande jente i ein western bar. Scena for forteljinga i første verset av blues-utgåva er Memphis i Tennessee, medan «Country Honk» finn stad i Jackson.[3]

Han vart spelt inn i London tidleg i februar 1969 utan Brian Jones. Songen vart gradvis omforma til den kjende, elektriske og riffbaserte singelen «Honky Tonk Women» våren 1969, før Mick Taylor vart med i bandet.[4] Taylor har fortalt i Sean Egan sin The Making of Let It Bleed at det meste alt var spelt inn då han la på noko sologitar. Songen er spesiell på den måten at han ikkje opnar med eit gitarriff, men ein rytme spelt på ei kubjølle spelt av produsenten Jimmy Miller.

Songen toppa Billboard Hot 100 i fire veker frå 23. august 1969. Singelen vart gjeven ut i Storbritannia dagen etter Brian Jones døydde. «You Can't Always Get What You Want» vart vald som B-side. I Noreg låg songen tre veker på andreplassen på VG-lista, heile tida bak Elvis Presley sin «In the Ghetto». Konsertutgåva av songen er med på albuma Love You Live og Live Licks, samt det alt nemnde Get Yer Ya-Ya’s Out!.

Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte «Honky Tonk Women» på 116. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Country Honk[endre | endre wikiteksten]

«Country Honk» er country-utgåva av «Honky Tonk Women», gjeven ut fem månader etter «Honky Tonk Women» på albumet Let it Bleed.

Byron Berline speler fele på sporet og har sagt at det var Gram Parsons som skaffa han denne jobben. Produsent Glyn Johns føreslo at Berline skulle spele inn fela på fortauet utanfor studioet for å gje den rette stemninga til albumet. Sam Cutler, turnemanageren til the Rolling Stones på denne tida, lagar bilhornet ein høyrer i starten av songen.[5] Nanette Workman gjer korvokalen på denne utgåva (på plateomlaget omtalt som Nanette Newman).

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange andre artistar har spelt songen, mellom andre Waylon Jennings, Elton John, Billy Joel, Ike & Tina Turner, The Pogues, Albert King, AC/DC og Big Country.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Elliott (2002) The Rolling Stones: Complete Recording Sessions 1962-2002, s. 148 – Cherry Red Books. ISBN 1-901447-04-9.
  2. Steve Appleford (1997) The Rolling Stones It’s Only Rock and Roll: Song by Song, s. 88 – Schirmer Books, New York.
  3. The Rolling Stones "Honky Tonk Women". Time Is on Our Side.
  4. Unterberger, Richie. «Honky Tonk Women». allmusic. 2007.
  5. Cutler, Sam. You Can't Always Get What You Want - My Life with the Rolling Stones, the Grateful Dead and Other Wonderful Reprobates ISBN 9 781741 666090