Honolulu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aloha Tower lyser opp nattehimmelen på hamna i Honolulu.

Honolulu (hawaiisk: strand i ly eller plass med ly) er hovudstad og den største byen i den amerikanske delstaten Hawaii. Det er òg den viktigaste hamna der. Byen ligg langs den søraustlege kysten til øya Oahu.

Hamna på Honolulu vart kalla Kulolia før ikkje-hawaiiarar kom til øya. Den første utlendingen var kaptein William Brown, som kom med det engelske skipet «Butterworth» i 1794. Han kalla hamna Fair Haven. Andre utanlandske kapteinar begynte å kalle ho Brown’s Harbor. Namnet Honolulu vart seinare tatt i bruk.

Honolulu vart fort den viktigaste hamna på Hawaii. På den tida var sandeltre ei stor eksportvare. Honolulu var òg ein stad der kvalfangarar tok om bord nye forsyningar.

Kamehameha III gjorde Honolulu til hovudstad i kongeriket Hawaii i 1850. Det var òg hovudstad i republikken Hawaii og territoriet Hawaii. Honululu vart verande hovudstad da Hawaii vart amerikansk delstat i 1959.

Kjende personar frå Honolulu[endre | endre wikiteksten]