Honoré d'Urfé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Honoré d'Urfé. Illustrasjon frå tredjeutgåva av L’Astrée.

Honoré d'Urfé (11. februar 15681. juni 1625), marki av Valromey, grev Châteauneuf og seigneur i Virieu-le-Grand, var ein fransk renessanseforfattar av romanar og småskrifter. Han er særleg kjend for den veldige pastorale romanen L’Astrée (Soga om Astraia, 1607-1627), som skildrar idealisert kjærleik i ein kompleks forteljarstruktur som peiker framover mot den barokke romanen. L’Astrée blei særs populær i samtida og inspirerte seinare forfattarar, mellom anna Rousseau.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Honoré d'Urfé blei født i Marseille i ein adelsfamilie med røter i Forez. Gjennom mora, Renée de Savoie-Tende, hadde han band til huset Savoia. Urfé blei utdanna av jesuittane og ved Collège de Tournon ved Rhône.

Seinare, som partisan av den katolske ligaen, blei Honoré d'Urfé teken til fange i 1595, sett fri før han igjen blei fengsla. I løpet av fangenskapen las han verk av Pierre de Ronsard, Francesco Petrarca og framfor alt hyrderomanen Diana av Jorge de Montemayor og Aminta av Torquato Tasso. Etter at ligaen blei overvunnen i 1594 drog d'Urfé til Savoia der hertugen var ein slektning. Her skreiv han det moralfilosofiske verket Epîtres morales (1598).

I 1600 gifta Urfé seg med Diane de Châteaumorand, som hadde vore gift med bror hans – dette ekteskapet var blitt annullert etter 22 år i 1598 og broren blei ordinert som prest. Det nye giftarmålet skulle mellom anna halda den store formuen til Diane i familien d'Urfé. Heller ikkje dette ekteskapet blei særleg vellukka; d'Urfé var for det meste av tida vekke frå kona si ved hoffet i Savoia der han hadde tittelen kammerherre.

Rundt 1606-07 grunnla han det første akademiske selskapet i Savoia, l'Académie florimontane, med venene Antoine Favre, François de Sales og Claude Favre de Vaugelas.

Biletvev med illustrasjon til L’Astrée i Urfé-slottet.

Etter å ha skrive det pastorale diktet La Sireine rundt 1604 byrja Urfé gjeva ut den eventyrlege romanen L'Astrée i 1607. Det fjerde bandet av den ufullendte romanen kom ut i 1627, to år etter at Urfé døydde. Han skreiv også eit skodespel, La Sylvanire ou la Morte-vive, som kom ut i 1625.

Honoré d'Urfé døydde etter eit fall fra hesten ved Villafranca i Spania under eit felttog der han leidde troppar frå Savoia mot spanjolane.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Romanen L’Astrée (fullt namn Deux visages de L’Astrée/Dei to ansikta til Astraia) handlar om to elskande, Celadon og Astrée (Astraia), som får kjærleiken sin utsett av mange prøvingar. Undervegs fører mange digresjonar til forteljingar om par med liknande vanskar. Handlinga er lagt til det aude landskapet Forez vest for Lyonfolkevandringstida, då frankarane erobra det romerske Gallia.

Verket er stort anlagt; det består av fem band med tolv bøker i alt på rundt 5 500 sider. Det spesielle med verket er den komplekse komposisjonen og den labyrintiske handlingsgangen. Romanen har heile 85 innskotne biforteljingar, rundt 200 hundre dikt og songar frå ulike sjangrar og omtrent like mange brev.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Vegmerke frå Chemins de l'Astrée ved elva Lignon du Forez.

Både tematikken og menneskeskildringa i L’Astrée fekk mykje å seia for utviklinga av fransk litteratur på 1600-talet, og for den franske klassisismen. Romanen blei ein modell for galante og raffinerte omgangsformer knytt til dei såkalla presiøse miljøa. Hovudpersonane blei så kjende at namnet «Celadon» blei opphav til fargenamnet seladon, ein grønfarge som minna folk om den grøne kappen til romanhelten.

I 1908 blei det reist ei byste av Honoré d'Urfé reist ved Virieu-le-Grand i Ain, der størsteparten av livsverket hans blei skrive.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • La Triomphante Entrée de Magdeleine de La Rochefoucaud à Tournon, 1583 PDF
  • Épîtres morales, 1603 PDF
  • La Sireine, 1604 PDF
  • L'Astrée, 1607 Nettekst, del 1-3
  • La Savoysiade, 1609
  • Paraphrases sur les cantiques de Salomon, 1618
  • La Sylvanire ou la Morte-vive, 1625 PDF

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Honoré d'Urfé
  • Two Faces of L'Astrée - ein kritisk, akademisk utgave av den første og siste utgåva av romanen L’Astrée, introduksjonen er på engelsk, resten av teksten på fransk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haarberg, J., Selboe, T., og Aarset, H. E.: Verdenslitteraturhistorie. Den vestlige tradisjonen. Universitetsforlaget, Oslo 2007. Side 216