Honoré Daumier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honoré Daumier

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 26. februar 1808
Marseille
Død

10. februar 1879 (70 år)
Valmondois

Yrke kunstmålar, bygningstegner, karikaturteiknar, bilethoggar, litograf, gravør, illustratør, grafikar
Språk fransk
Ektefelle Alexandrine Dassy
Honoré Daumier på Commons

Honoré Daumier (26. februar 180810. februar 1879) var ein fransk målar, grafikar, bilethoggar og karikaturteiknar. Han var ein pioner innan kunstretninga realismen kring midten av 1800-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Daumier var fødd i Marseille. Han skaffa seg kunnskapar om litografisk teknikk og starta med å lage klisjear til musikkforleggjarar og reklameillustrasjonar. Etterkvart leverte han også bokillustrasjonar.

Han vart lagt merke til og fekk i 1831 plass i staben til humorbladet La Caricature, leia av Charles Philipon. I dette bladet starta han med beisk satire å synleggjere eit grådig borgarskap, samt korrupte og udugelege aktørar i alle lag av samfunnet med juridisk og politisk makt.

Gargantua

Daumier sin karikatur av kongen som Gargantua førte til at Daumier sat fengsla i seks månader i 1832. La Caricature slutta kome ut 1835, men før det var Philipon ute med eit nytt blad, Le Charivari. Der heldt Daumier fram med å latterleggjere borgarskapet og tok i bruk sekvensar, slik at ei teikning i ei utgåve bygde opp under teikninga som kom i den neste, nær opp til dagens seriestriper. I alt omfattar oversikta over desse litografia 3 958 plater.

Vaskekona ca 1863

Åra 1862-65 konsentrerte Daumier seg om målarkunsten. Stilen i måleria hans var han mykje annleis enn teiknekunsten. Måleria er haldne i mørke, dystre fargetonar. Bilete som Kristus og apostlane hans, Den gode samaritan, Don Quixote og Sancho Panza, Kristus vert spotta, Den innbilt sjuke, Det første bad og Vaskekona viser ulike sider ved ein målar som var oppteken av rett og gale.

Daumier dreiv også som skulptør på sine eldre dagar. Statuetten Ratapoil, ein karikatur av Napolen III, er den mest kjende.

Målaren Daumier vart lite påakta før han døydde. Rett nok samla galleristen M. Durand Ruel ei utstilling i 1880 som viste at Daumier var på høgde med dei fremste målarane i samtida. Daumier var då vorten blind og budde i eit lite hus i Valmondois, som Camille Corot hadde stilt til rådvelde for han. Der døydde Daumier.

Verkeleg ry som målar fekk han ikkje før ved verdsutstillinga i Paris i 1900.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon