Hoodbreen
Hoodbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 83°55′S 173°10′E / 83.917°S 173.167°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hoodbreen 83°55′00″S 173°10′01″E / 83.9167°S 173.167°E | |||
Hoodbreen er ein isbre som er kring 10 km lang og som flyt nordover frå Siege Dome i Commonwealth Range i Antarktis. Han munnar ut i Rossisen mellom Commonwealth Range og Separation Range. Isbreen vart oppdaga av gruppa under Nimrod-ekspedisjonen som følgde Ernest Shackleton mot Sørpolen, og vart kalla opp etter admiral sir Horace Hood, som Jameson Adams, eit medlem av gruppa hadde tent under på HMS «Berwick».[1]
Klippene Chevron Rocks ligg nær enden av Hoodbreen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Hood Glacier». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 17. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hoodbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).