Hooke-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hooke-lova er ei fysisk lov, kalla opp etter Robert Hooke, som seier at krafta som skal til for å endre lengda på ein springfjør er proporsjonal med endringa uansett om ein strekkjer eller trykkjer saman fjøra. Ein konsekvens av denne lova er at ei fjør som er deformert vil, i fråvær av tap, svinge med ei harmonisk rørsle der amplitude (utslaget) skildrar ein perfekt sinuskurve. Denne elegante matematiske rørslelikninga har gjort at Hooke-lova har fått stor tyding i fysikken. Lova er funne å gjelde tilnærma i mange samanhengar, til dømes for vibrasjonar i molekyl og faste stoff.

der F er krafta
k er fjørkonstanten
x er strekninga ut frå kvilestillingen

Innanfor fastleikslære vert Hookes lov uttrykt som spenning () som ein funksjon av elastisitetsmodul (E) og tøying ():

Knekkpunktet[endre | endre wikiteksten]

I røynda gjeld Hooke-lova berre små deformasjonarer; forholdet mellom kraft og deformasjon blir ulineært ved knekkpunktet der materialet ikkje lenger er elastisk. Forbi knekkpunktet oppfører kvart materiale seg forskjellig. Hookes lov kan òg nyttast på enkelte ikkje-newtonske væsker, til dømes ketsjup, som oppfører seg elastisk opptil et knekkpunkt før det begynner å renne. Dette fenomenet er kjent som ketsjup-effekten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]