Hopi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Hopi (Hopílavayi) |
||
| Klassifisering: | Uto-aztekisk Hopi |
|
| Bruk | ||
| Tala i: | USA | |
| Område: | Nordaustlege Arizona | |
| Hopitalande i alt: | 5 260 (2000) | |
| Skriftsystem: | Latinske bokstavar | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-3: | hop | |
Hopi er eit uto-aztekisk språk som blir tala av hopiar i nordaustlege Arizona og nokre stader i Utah og New Mexico i USA.
Språket har rundt 5000 talarar som beherskar det på morsmålsnivå. Bruken har gått ned i løpet av 1900-talet. Rundt 75 % av hopifolk kan snakka hopi.
Hopi er del av pueblo-språkbunten saman med kiowa-tanospråk, keres, zuñi og navaho.
Annan bruk av hopi [endre]
Hopiord har gjeve namn til filmane Koyaanisqatsi ('ubalansert liv'), Powaqqatsi ('parasitt-liv') og Naqoyqatsi ('krigsliv'), ein trilogi regissert av Godfrey Reggio og tonesett av Philip Glass.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hopi language» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2013.