Hoppekreps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hoppekreps


Copepod
Planktonisk hoppekreps med karakteristiske lange antenner

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Maxillopoda
Underklasse: Copepoda
Vitskapleg namn
Copepoda

Hoppekreps eller copepodar er ei gruppe små krepsdyr som finst i havet og i dei fleste ferskvassmiljø. Dei fleste artane er bentiske, men mange lever òg som plankton og utgjer ein vesentleg del av dyra i planktonet. Somme artar kan òg påtreffast i fuktige miljø på land eller som parasittar på fisk.

Ut frå biomasse og tal på individ kan hoppekreps seiast å vera den mest dominerande dyregruppa på jorda. Det er klassifisert omkring 14 000 artar til no, men det verkelege talet på artar er sannsynlegvis langt høgare.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste hoppekreps er mellom 0,5 og 5 mm lange, men kan i kalde farvatn nå lengder på opptil ein cm. Parasittiske artar kan bli endå større: Lernaeocera branchialis, som lever i gjellene til torsk, kan bli heile 3 cm lang.

Som andre krepsdyr har copepodane eit pansra eksoskjelett, men sidan dei er så små er dette som oftast gjennomsiktig i likskap med resten av kroppen. Hoppekreps har tåreforma kropp med lange antenner på over 17 ledd, og mange artar er einaugde.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Ulike planktoniske hoppekreps-artar er særs viktige for så godt som alle marine økosystem som finst. Dei er særs dominerande som planktondyr, og er såleis viktig føde for små fisk, kval, sjøfugl, kril med meir. Dei er òg viktige organismar i karbonkrinsløpet; djuphavet får viktige karbontilskot frå søkkande hoppekrepsskal og -ekskrement.

Parasittiske artar hoppekreps er særs økonomisk skadeleg for fiskeri- og oppdrettsnæringa. M.a. høyrer den berykta lakselusa til gruppa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]