Hoppveka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bergisel-bakken i Innsbruck er åstad for hoppvekerennet 4. januar kvart år.

Den tysk-austerrikske hoppveka (tysk: Vierschanzentournee, dvs. Firbakketurneringa) er ei årleg turnering innan skihopping. Hoppveka består av fire hopprenn (mellom andre Nyttårshopprennet) og har vorte arrangert kvart år sidan 1952. Som ein forstår av det norske namnet, blir renna arrangert i Tyskland og Austerrike. Ved sidan av VM og OL blir hoppveketrofeet rekna som det aller gjævaste ein skihoppar kan vinne.

Poengsummane frå kvart av dei fire renna blir lagt saman, og den totale poengsummen avgjer plasseringa til hopparane i hoppvekekonkurransen. I verdscupen tel kvart av hoppvekerenna som enkeltrenn.

Det er åtte norske hopparar som har vunne hoppveka samanlagt opp gjennom tidene. Desse er Anders Jacobsen (2006/07), Sigurd Pettersen (2003/2004), Espen Bredesen (1993/1994), Ingolf Mork (1971/1972), Bjørn Wirkola (1966/1967, 1967/1968 og 1968/1969), Torgeir Brandtzæg (1964/1965), Toralf Engan (1962/1963) og Olaf B. Bjørnstad (1953/1954).

Hoppbakkane[endre | endre wikiteksten]

Bakkane og datoane for bakkane er normalt faste frå år til år:

Hoppbakke By Land Dato Bakkerekord
Schattenberg-bakken Oberstdorf  Tyskland 29. desember Sigurd Pettersen, 143,5 m (2003)
Olympiabakken Garmisch-Partenkirchen Tyskland 1. januar Adam Małysz, 129,5 m (2001)
Bergisel-bakken Innsbruck Austerrike 4. januar Sven Hannawald, 134,5 m (2002)
Paul-Ausserleitner-bakken Bischofshofen Austerrike 6. januar Daiki Ito, 143 m (2005)

Bischofshofrennet i hoppveka 2006/2007 vart i staden arrangert 7. januar.

I 2008 vart Innsbruckrennet 4. januar flytta til Bischofshofen 5. januar på grunn av dårlege vêrforhold. Det vart dermed arrangert to renn i Bischofshofen i hoppveka 2007/2008.

Utslagssystemet[endre | endre wikiteksten]

Noko av det som særpregar den noverande hoppveka, er den noko kontroversielle måten ein vel ut kven som blir kvalifisert til andreomgangen. Mens det i andre hopprenn er slik at dei 30 beste hopparane går vidare til andreomgangen, følgjer alle dei fire hopprenna no eit spesielt utslagssystem, som første gongen (delvis) vart introdusert i 1996/1997-sesongen. Dei 50 hopparane er i førsteomgangen delt inn i 25 par, ut frå plassering i verdscupen og kvalifiseringa. Alle dei 25 vinnarane av desse interne «duellane» pluss dei fem beste duelltaparane blir kvalifisert til andreomgangen. Desse fem blir kalla «beste toarar» eller «lucky loosers». Eit folkeleg uttrykk (brukt mellom anna av Arne Scheie) er at desse duelltaparane går til andreomgangen via «kjøkenvegen».

Metoden er tenkt til å gjera det lettare for publikum å følgje med på kven som går vidare. Kritikken mot metoden er at han kan gjeve urettferdige utslag. Teoretisk er det mogleg at ein hoppar med det tolvte beste resultatet blir slege ut, samtidig som han med det 49. beste resultatet likevel blir kvalifisert til andreomgangen (ved å slå rivalen). I tillegg til å vera med vidare i det pågåande hopprennet, er det å koma med til andreomgangen òg viktig på grunn av at ein da får verdscuppoeng.

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Janne Ahonen (Finland) har vunne samanlagt fem gonger (delt med Jakub Janda i 2005/2006). Deretter følgjer Jens Weissflog (DDR/Tyskland) med fire sigrar og Helmut Recknagel (DDR) og Bjørn Wirkola (Noreg) med tre sigrar kvar.

Jens Weissflog og Bjørn Wirkola har flest sigrar i enkeltrenn, ti kvar. Janne Ahonen har ni sigrar og Matti Nykänen (Finland) sju.

I den 50. hoppveka (2001/2002) vart Sven Hannawald, Tyskland, den første som vann alle dei fire renna i den same hoppveka.

Dei beste nasjonanen er Finland og Tyskland (Aust- og Vest-) med 16 samanlagtsigrar. Elleve av dei tyske sigrane er frå DDR-tida. Deretter følgjer Noreg med ti og Austerrike med ni. Tsjekkia (/Tsjekkoslovakia) har to sigrar, mens Japan, Slovenia, Polen og Sovjetunionen har ein siger kvar.

Tidlegare vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå hoppvekevinnarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]