Horace-Bénédict de Saussure
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horace-Bénédict de Saussure (fødd 17. februar 1740 i Genève, død 22. januar 1799 i Geneve) var ein sveitsisk naturforskar og far til Nicolas-Théodore de Saussure.
Saussure var 1762-1786 professor i fysikk og filosofi i Genève. Han gjorde studiet av Alpane og Jurafjella, og studerte dei geologiske, meteorologiske, fysiske og plantegeografiske tilhøva der. Han studerte òg termikk, og korleis lekamar utvidar seg når dei vert varma opp. I 1783 fann han opp hårhygrometeret. Resultatet av forskinga si skreiv han ned i Voyages dans les Alpes (fire volum, 1779-1796).
Saussure slutta seg ikkje til nokre av dei stridande geologiske skulane, heller ikkje sette han opp noko nytt geologisk system, som ofte var vanleg der.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Horace-Bénédict de Saussure» frå Wikipedia på svensk, den 27. februar 2011.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- http://runeberg.org/nfcd/0456.html