Horda Tidend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Horda Tidend, starta som Vossingen, var ei dagsavis som vart utgjeven i Voss frå 1925 til 1989. Avisa kom fyrste gong ut 1. september 1925 som Vossingen, men bytte namn til Horda Tidend i april 1929, og vart samtidig offisielt partiorgan for Senterpartiet i Voss og Hardanger.[1]

Avisa konkurrerte fyrst og fremst med det bergensbaserte Bondebladet, ei avis som gjekk inn i 1935.[2] Utgjevinga av Horda Tidend stansa under den tyske okkupasjonen, og etter krigen kom ikkje avisa i gang igjen før i april 1949.

Johs K. Ringheim var redaktør for avisa frå 1949 til 1981, og dei neste åtte åra var det fem ulike redaktørar. Avisa var lenge den nest største avisa i Voss, etter avisa Hordaland, og forsøkte å overleve ved å forlate fullformatet og verte politisk uavhengig. Fornyinga førte til eit lite oppsving i opplagstalla, med ein topp på 2413 utgåver i 1987, men 6. januar 1989 vert avisa til slutt lagt ned.[1]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eggum, Terje (2010). «Horda Tidend». I Flo, Idar. Norske aviser fra A til Å. Norsk presses historie 1660–2010, bind fire. Oslo: Universitetsforlaget. s. 173. ISBN 978-82-15-01604-7. 
  2. Eggen (2010), s. 54