Hordabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hordabø er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland fylke, som vart oppretta som Bø kommune 1. juli 1924Manger kommune vart delt i tre: Bø, Manger og Sæbø. Ved opprettinga hadde Bø kommune 1 938 innbyggjarar.

Ved Kongeleg resolusjon av 13. mars 1925 endra kommunen namn frå Bø til Hordabø.

1. januar 1964 vart Hordabø slått saman med Manger kommune saman med størsteparten av Sæbø og delar av Herdla, Lindås og Austrheim kommunar til den nye Radøy kommune. Hordabø hadde ved samanslåinga 1 679 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Hordabø kommune frå 1924 til 1964:

1.7.1924 1.12.1930[1] 3.12.1946[1] 1.1.1951[2] 1.1.1961[2] 1.1.1964
1938 2073 1890 1887 1745 1679

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  2. 2,0 2,1 Folkemengde i Hordabø 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå