Horg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei horg (norr. hǫrgr (m)) var eit slags altar eller stad for ofring i førkristen norrøn tid. Horg heng saman med hòv i den tydinga at begge er former for kultstader. Kjeldene er uklare på korleis ei horg såg ut og korleis rituala arta seg. Det norrøne ordet hǫrgr tyder ei steinsetting eller røys. Ordet hòv (norrønt hof) er språkleg sett det same som tyske Hof, gard, og går ofte igjen i norske og islandske stadnamn. Ei grov forenkling er at horg var ritual utandørs og hov innandørs, men dette skiljet må ikkje oppfattast som absolutt sidan Snorre Sturlason kalla Vengolv, hallen til åsynjene, for horg, og hòv kunne òg vera utandørs. Ein vanske med eit klårt skilje er at begge omgrepa tidvis vart kopla saman. I Voluspå blir til dømes «horg og hov høgt tømra» sidan urtidene nemnd.

Under arkeologiske utgravingar på eit areal på Ranheim i Trondheim i 2010 vart det gjort funn av det som vart tolka som ein føkristen kultstad, eit ve, der det òg var ein kunstig steinsamling som vart tolka som ei horg, og mellom anna òg spor etter ein bygning som kan ha vore eit kulthus.[1]

I eldre tid var horga sentrum både for privat og offentleg kult, men ein teori går ut på at ho seinare vart avløyst av hòvet, slik at nemninga horg i sein førkristen tid vart bruka om private kultstader.[2] Men dersom tolkinga av det veet som vart funne på Ranheim i Trondheim er er rett, kan hòv og horg ha vore nytta samstundes for ulike kultiske føremål, eller for ulike kultiske hendingar i ein seremoni.

I vestlandske dialektar vert ordet «horg» brukt om fjelltoppar, og ordet finst att i ei rad samansette fjellnamn. Horg er også namnet på ein gard i Melhus, gardsnamnet Horgen er bruka fleire stader. Det kan vere vanskeleg å avgjere om slike samansette gardsnamn har opphav i naturformasjonar eller om namnet viser til at garden har vore brukt som kultstad i førkristen tid.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Horg» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
      • Lind, Idar: Norrøn mytologi frå A til Å, s. 107
      • Näsström, Britt-Mari (2001): Blot, s. 87
      • Steinsland, Gro (2005): Norrøn religion, s. 284

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artikkel av Preben Rønne i tidsskriftet Spor nr. 2/2010, utgitt av NTNU Vitenskapsmuseet, Seksjon for arkeologi og kulturhistorie, side 32-35.
  2. Johan Hovstad i Norsk allkunnebok (1955)
  3. Horg, Horge og Horgen i Ryghs Norske Gaardnavne
Spire Denne religionsartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.