Hornád

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hornád
Eit gjel i Hornád i Slovakisk Paradis
Eit gjel i Hornád i Slovakisk Paradis
Utspring Nedre Tatra
Munning Sajó
Land i nedslagsfelt Flag of Slovakia.svg Slovakia
Ungarn Ungarn
Lengd 286 km
Middelvassføring 220 m³/s
Nedslagsfelt 5 436 km²

Hornád (på slovakisk) eller Hernád (på ungarsk) er ei elv aust i Slovakia og nordaust i Ungarn.

Ho er ei sideelv til Sajó, som igjen er ei sideelv til Tisza. Hornád har sitt utspring i Nedre Tatra, sørvest for Poprad. Ho renn gjennom dei slovakiske regionane Spiš og Abov, og det ungarske fylket Borsod-Abaúj-Zemplén. Elva er 286 km lang, der 193 km renn i Slovakia. Av byar langs elva finn ein Spišská Nová Ves og Košice, begge i Slovakia. Ho munnar it Sajó søraust for Miskolc.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]