Hornøya

Koordinatar: 70°23′12″N 31°09′07″E / 70.38667°N 31.15194°E / 70.38667; 31.15194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hornøya
Geografi
Stad Barentshavet
Koordinatar 70°23′12″N 31°09′07″E / 70.38667°N 31.15194°E / 70.38667; 31.15194

Høgaste punkt 60 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Finnmark

Hornøya er den austlegaste øya i Noreg (70° 22' N, 31° 10' Ø) og ligg ein drøy kilometer utanfor Vardø i Barentshavet. På det høgaste punktet på øya (60 moh) ligg Vardø fyr. Etter at fyret var tautomatisert i 1991 er ikkje øya busett lenger, om ein ser bort frå nokre biologar frå Universitetet i Tromsø som forskar på øya sommarstid og bur i fyrvaktarhuset.

Øya består av sandstein og skifer og er om lag 900 gonger 650 m. Ho har bratte stup på vestsida, medan austsida skrånar ned mot havet. Avsluttinga vert danna på denne sida av ei halvøy, Store Avløysinga. Lille Avløysinga er ein holme som ligg rett sør for Hornøya. På vestsida, mellom Hornøya og naboøya Reinøya, ligg Prestholmen.

Hornøya sett frå Hasselneset i Vardø - ein populær stad for fuglekikking.

Hornøya har ein av dei største sjøfuglkoloniane i Noreg. I dei bratte fjellsidene hekkar totalt meir enn 40 000 par av alke, lomvi, krykkje, lunde, polarlomvi, storskarv, teist og toppskarv. Elles på øya (og Reinøya) hekkar store mengder gråmåse samt svartbak. Andre fuglearter er brushane, linerle og eitt par ramnar. Spesielt polarlomvien trekker til seg fugleentusiastar langvegsfrå. Øya er freda som naturreservat, og det er forbod mot å ta seg inn til fuglefjellet.

På ulike stader på Hornøya finn ein restar etter tyske bygg frå den andre verdskrigen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Finnmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.