Hornbækbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit tog på Hornbækbanen i Helsingør, ikkje langt frå stasjonen.
Gilleleje stasjon.

Hornbækbanen, eigenleg Helsingør-Hornbæk-Gilleleje Banen (HHGB), er ein privat einspora jarnbane som går mellom Helsingør og Gilleleje heilt nord på Sjælland i Danmark. Den 12,9 kilometer lange strekninga frå Helsingør til Hornbæk vart opna 22. mai 1906, og den 12,0 kilometer lange strekninga derfrå til Gilleleje 11. juni 1916. Sporvidda, avstanden mellom skjenene, er 1435 millimeter, det vil seie at banen har normalspor. Banen er ikkje elektrifisert.

I Helsingør har banen sitt endepunkt på jarnbanestasjonen Helsingør Station, ofte kalla Helsingør Banegård, som òg er endestasjon for Kystbanen mellom Helsingør og København og Nordbanen forbi Kvistgaard og Fredensborg til Hillerød. Frå stasjonen går toga på Hornbækbanen ei lita strekning i bygatene før dei kjem inn på sin eigen jarnbanetrasé.

I Gilleleje har Hornbækbanen endepunkt på Gilleleje station, som òg er endepunkt for den eine av Gribskovbanens to greiner. Gribskovsbanen er ein privatjarnbane mellom Hillerød og Gilleleje, og Hillerød og Tisvildeleje, med felles linje på strekninga mellom Hillerød og Kagerup.

Drift og vedlikehald av Hornbækbanen og dei andre privatjarnbanane i Region Hovedstaden står selskapet Lokalbanen A/S for. Alle banane har berre persontrafikk, er einspora og utan elektrisk drift. På alle vert det nytta diesel-mekaniske to-vogns persontogsett av typen LINT 41, framstilt av Alstom i Tyskland og sett i trafikk i 2006-2007.

Stasjonar på Hornbækbanen[endre | endre wikiteksten]

Stasjonane på banen er Helsingør Station, Grønnehave Station, Marienlyst Trinbræt (haldeplass), Højstrup Trinbræt, Hellebæk Trinbræt, Ålsgårde Trinbræt, Skibstrup Trinbræt, Saunte Station, Karinebæk Trinbræt, Hornbæk Station, Horneby Sand Trinbræt, Kildekrog Trinbræt, Dronningmølle Trinbræt, Firhøj Trinbræt, Søborg Trinbræt, Stæremosen Trinbræt, Gilleleje Øst Trinbræt, Gilleleje Station.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]