Hornindalsrokken
| Hornindalsrokken | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 1529 moh |
| Ligg i/på | Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane |
| Fjellkjede | Sunnmørsalpane |
| Primærfaktor | 460 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Hornindalsrokken (1529 moh.) i Hornindal i Nordfjord og Stranda og Ørsta kommune på Sunnmøre er eit fjell som ligg på grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ved Tyssevatnet inst i Hjørundfjorden. Fjellet blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane.
Toppen av Hornindalsrokken kan nåast både sommer og vinter. Om sommaren er den vanligaste ruta frå Hornindalssætra / Sæterdalen i Hornindal kommune. Alternativ rute er Kjellstaddalen i Stranda kommune. Oppstigninga frå Sæterdalen og opp skaret mellom Hornindalsrokken og Lidafjellet er bratt og har parti med snø som ligg langt ut på sommaren. Turgåarar ventar ofte til oppstigninga er snøfri. Frå skaret er det vanleg å krysse i underkant av toppen, og runde mot toppen frå baksida. Som skitur er ruta via Kjellstaddalen einaste alternativ, men her òg kan det vere rasfare og store snøskavlar, spesielt tidleg på vinteren.
Frå Hornindalsrokken kan ein sjå både Sunnmørsalpane og Jostedalsbreen.
Nokre kjelder oppgjev høgda til å vere 1526 moh.