Hornindalsvatnet

Koordinatar: 61°54′46″N 06°10′20″E / 61.91278°N 6.17222°E / 61.91278; 6.17222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hornindalsvatnet
innsjø
Hornindalsvatnet sett frå Grodås
Land  Noreg
Fylke Vestland, Møre og Romsdal
Kommunar Stad, Volda
Høgd over havet 53 moh.
Areal 50,76 km²
Middeldjupn 237,6 m
Største djupn 514 m
Volum 12,06 km³
Kystlengd1 65,64 km
Koordinatar 61°54′46″N 06°10′20″E / 61.91278°N 6.17222°E / 61.91278; 6.17222
Kart
Hornindalsvatnet
61°56′00″N 6°21′00″E / 61.933333333333°N 6.35°E / 61.933333333333; 6.35
Wikimedia Commons: Hornindalsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hornindalsvatnet er ein innsjø i kommunane Stad i Vestland og Volda i Møre og Romsdal i Noreg.

På det djupaste er Hornindalsvatnet 514 meter noko som gjer det til den djupaste innsjøen i Noreg og Europa. På verdsbasis held største djupna til ein trettande plass. Middeldjupna til ein femtande plass. Han har eit areal på omlag 51 km2 og er med det den 19. største innsjøen i Noreg. Innsjøen ligg 53 meter over havet og har eit volum på 12 km³.

Plasseringa av Hornindalsvatnet i Noreg.

Vatnet har godt med fisk, med røyr, aure, ål og laks. Laksen og ålen kjem opp frå Nordfjorden og vidare opp Eidselva og opp i Hornindalsvatnet. Røyra vandrar frå djupare lag av vatnet og inn til sanddynene ved Grodås for å gyte. Auren går opp i Storeelva og andre mindre bekker. I seinare tid har dei fleste bustadene rundt vatnet blitt knytt opp mot eit moderne reinseanlegg, noko som gjer at den største kjelda til ureiningar i vatnet no kjem frå landbruket og frå nedbør. Ei segn fortel om ein prest frå Nordfjordeid som under Svartedauden rodde seg over Hornindalsvatnet for å gje folk langs vatnet avlat og sikre at ikkje Gamle-Erik fekk sjelene deira. Som løn kravde han skøyta på gardane til dei som strauk med. På veg ned att vatnet stod han opp i båten sin og sa: «Hornindalen, no e du min», miste balansen og forsvann så lang han var ned gjennom det blanke vatnet.

I seinare tid har ein annan prest, Jon Ytrehorn, leikt med tanken å konstruere eit undervassmuseum, som ei hyllest til innsjøen. På 1970-talet blei Kjøsapollen i austenden av Hornindalsvatnet stengd av etter bygginga av Kjøs Bru. Berre ein liten passasje midt på brua knyter naturperla saman med resten av innsjøen. Dette slette dømet på brubygging har gjort at Kjøsapollen er byrja å gro att, og i samband med bygging av Kvivsvegen vil dette vere eit varmt diskusjonstema i bygda som er stolte av vatnet sitt.

Hornindalsvatnet maraton blir årleg arrangert i slutten av juli.