Narkval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hornkval)
Narkval
Narkval
Narkval
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av narkval
Utbreiinga av narkval
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Parvorden: Tannkvalar Odontoceti
Overfamilie: Delphinoidea
Familie: Narkvalfamilien Monodontidae
Slekt: Monodon
Art: Narkval M. monoceros
Vitskapleg namn
Monodon monoceros

Narkval (Monodon monoceros) er ein tannkval i narkvalfamilien. Narkvalen er kjend for den lange og spydliknande spiralsnodde, framoverretta støyttanna (eigenleg den eine hjørnetanna) som hanndyra har.

Narkval ved nordlege Franz Josefs land i juni 2019

Narkvalen lever i arktiske farvatn, hovudsakleg frå Canada austover til austlege delar av Sibir, og vert jamleg observert i nordaustlege Svalbard.[2] Den totale bestanden av reproduserande dyr er ca. 123 000 dyr. Det vert driven fangst på narkval av inuittar i Canada og på Grønland.[3]

Namnet «narkval» kjem frå norrønt náhvalr, som tyder 'likkval'.[4] Den lange, spiralsnodde støyttanna vart i mellomalderen likna med hornet i panna på det fabeldyret som vart kalla einhyrning, og ofte selt til uvitande som einhyrningshorn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Art narkval Monodon monoceros». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 19. juni 2022. 
  2. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (2021, 24. november). Pattedyr: Vurdering av narhval Monodon monoceros for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 19. juni 2022
  3. Lowry, L., Laidre, K. & Reeves, R. 2017. Monodon monoceros. The IUCN Red List of Threatened Species 2017: e.T13704A50367651. Henta 19. juni 2022
  4. «narkval». I: Nynorskordboka. Språkrådet og Universitetet i Bergen. (henta 19. juni 2022)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Narkval