Horsens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°51′42.574″N 9°51′7.1640″E

Jørgensens Hotel
Foto: Hubertus45

Horsens er ein by i Østjylland i Danmark, hovudbyen i Horsens kommune i Region Midtjylland. Byen ligg inst i Horsens fjord på den jyske austkysten, og folketalet er 53 253 (2013),[1] det vil seie at byen er den åttande største i Danmark. Byen er den tredje største i Østjylland, nest etter Aarhus og Randers.

Horsens er omtalt for fyrste gong i skriftlege kjelder frå 1100-talet, og var i mellomalderen ein viktig by med fleire kloster og festningsverk. Eldste kjende kjøpstadsrettar er frå 1442.[2]På 1700-talet var Horsens ein kjøpmannsby, slik det går fram av mellom anna hus som Jørgensens Hotel og andre patrisiarhus som er tekne vare på. Jørgensens Hotel er frå 1744 og er freda.[3]

Byen har stor elektronikkindustri og nokre grafiske verksemder. I byen ligg det einaste industrimuset i Danmark. I den nordlege luten av byen, på ein bakketopp, ligg det nedlagte fengselet Horsens Statsfængsel, som mellom anna hyser eit fengselsmuseum som høyrar inn under Horsens Museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Danmarks Statistik: FOLK1 (Vitja 12. februar 2014)
  2. Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 101, ISBN 87-567-6203-8
  3. Lichtenbergs Gård, nu Jørgensens Hotel frå Kulturstyrelsen / Fredede & Bevaringsværdige Bygninger

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Horsens
Spire Denne geografiartikkelen som har med Danmark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.