Horsfjordbotnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Horsfjordbotnet er ein fjordarm av Kjelda på øya Austra i Bindal kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 5 km mot sørvestover inn til Lendinga i botn av fjorden. Lendinga er ein liten poll inst i fjorden som ligg i Leka kommune i Nord-Trøndelag.

Fjorden har innløp mellom grendene Nordhorsfjord i nord og Sørhorsfjord i sør. Horsfjordøya ligg midt i løpet

Riksveg 771 går langs sørsida av fjorden. Ved bruket Kjellvang går det veg nordover frå riksvegen og over fjorden.