Horst Köhler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horst Köhler

President i Tyskland
Periode1. juli 2004 - 31. mai 2010
PartiChristlich Demokratische Union
Fødd22. februar 1943
FødestadSkierbieszów
EktefelleEva Luise Köhler
MedlemDen trilaterale kommisjonen
Romaklubben
Verbindung Normannia Tübingen
FøregangarJohannes Rau
EtterfølgjarChristian Wulff

Horst Köhler (fødd 22. februar 1943) er ein tysk konservativ politikar og økonom. Han var president i Tyskland, etter å ha vorte vald den 23. mai 2004 fram til 31. mai 2010. Før han vart vald hadde han gjort karriere både innan politikk, privat næringsliv og som embetsmann. Han var inntil nyleg sjef for Det internasjonale pengefondet (IMF).

Han vart fødd i Skierbieszów i det noverande Polen av foreldre som hadde vorte deporterte frå Glückstal i Bessarabia i 1940. Deportasjonen kom som fylgje av Molotov-Ribbentrop-pakta mellom Sovjetunionen og Nazi-Tyskland. Familien flykta seinare til Markleeberg-Zöbigker nær Leipzig, og i 1953 flykta dei til Ludwigsburg i Baden-Württemberg.

Köhler tok sin Abitur i 1963, og avtente deretter verneplikta og forplikta seg til to år ved pansergrenaderane i Ellwangen. Han drog bort frå hæren som løytnant av hærreserven. Deretter studerte han økonomi og statsvitskap ved Universitetet i Tübingen, der han tok doktorgrad og var vitskapleg forskingsassistent ved Institut für angewandte Wirtschaftsforschung (institutt for føretaksforsking) frå 1969 til 1976. Etter utdanninga arbeidde han i det tyske næringsdepartementet. I 1981 vart han medlem av partiet CDU, og same år skifta han over til finansdepartementet.

Frå 1990 til 1993 var Köhler statssekretær i det tyske finansdepartementet. Han var ansvarleg for finansielle og økonomiske samband med utlandet, og var dermed forhandlar i samband med inngåinga av Maastrichtavtalen. I tillegg arbeidde han med å førebu G7-møter for Helmut Kohl. Han var deretter formann for foreininga av tyske sparebankar, Deutscher Sparkassen- und Giroverband. I 1998 vart han president for den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling. I 2000 vart han utnemnd til direktør for Det internasjonale pengefondet, og formann for den utøvande komitéen innan pengefondet. Han hadde desse verva til han trekte seg den 4. mars 2004, etter at han var vorten nominert som CDU og FDP sin kandidat til det tyske presidentvervet. Han vart vald av Forbundsforsamlinga med 604 av 1205 røyster over den sosialdemokratiske motkandidaten Gesine Schwan den 23. mai 2004, og vart innsett som president den 1. juli.

Köhler er gift med Eva Luise Köhler, fødd Bohnet, som er tysklærar og tidlegare aktiv i lokalpolitikk for SPD. Saman har dei to barn, Ulrike (fødd 1972) og Jochen Köhler (fødd 1977). Hausten 2003 vart Horst Köhler utnemnd til æresprofessor ved Universitetet i Tübingen.

Som president residerte Köhler på slottet Bellevue i Tiergarten i Berlin.

Köhler vart i 2007 tildelt storkrossen av St. Olavs orden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Føregangar
Johannes Rau
President i Tyskland
20042010
Etterfylgjar
Christian Wulff