Horst Ludwig Störmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Horst Ludwig Störmer
Horst Störmer.jpg
Horst Ludwig Störmer
Fødd 6. april 1949 (65 år)
Frankfurt i Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Kjend for Fraksjonell kvante Hall-effekt
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1998),
Benjamin Franklin-medaljen (1998)

Horst Ludwig Störmer (fødd 6. april 1949) er ein tysk fysikar.

Störmer vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1998, saman med Robert B. Laughlin og Daniel C. Tsui, for oppdaginga deira av ei ny form for kvantevæske med fraksjonelt ladde eksitasjonar.

Störmer fekk doktorgrad i fysikk i 1977, ved Universität Stuttgart i Tyskland. Han var direktør for Physical Research Laboratory i Bell Laboratories i perioden 1992–97. Han er professor ved Columbia University i New York, og direktør for fysikk ved Lucent Technologies' Bell Labs sidan 1998.

Han vart løna med Nobelprisen for å ha oppdaga at elektron opptrer saman i sterke magnetiske felt, og kan danne nye typar «partiklar» med ladningar som er ein brøkdel av ladningen til elektronet. Störmer og Tsui gjorde oppdaginga i 1982 under eit eksperiment der de utnytta ekstremt sterke magnetfelt og låge temperaturer. Innan eitt år etter oppdaginga lukkast det Laughlin å forklare resultatet dei fekk. Gjennom teoretisk analyse viste han at elektrona i eit sterkt magnetfelt kan kondensere og danne ei slags kvantevæske, som minna om dei kvantevæsker som oppstår ved superleding og i flytande helium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]