Hosanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hosanger
Geografi
Kommune Osterøy
Fylke Hordaland
Annan informasjon
Ferdselsårer 567
Postnummer 5282 LONEVÅG
Kart
Hosanger is located in Hordaland
60°34′30″N 5°28′41″EKoordinatar: 60°34′30″N 5°28′41″E
Osterøy treskomuseum
Foto: Svein Harkestad
Kossdalsvatnet på Osterøy. Markakunstløypa med brudevogn etter sagnet om brudefølgjet som gjekk gjennom isen på veg til Hosanger kyrkje
Foto: Svein Harkestad
Kossdalsvingane på Osterøy med 5-6 av de 17 slyngene på vegen
Foto: Svein Harkestad

Hosanger er ei bygd på Osterøya og var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Hordaland fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hosanger prestegjeld blei oppretta som formannskapsdistrikt den 1. januar 1838.

1. januar 1867 blei ein del av Voss med 28 innbyggjarar ved kongeleg resolusjon overført til Hosanger. 1. januar 1885 blei annekssoknet Seim, som låg som ein eksklave i vest, overført til den nye kommunen Alversund. 1. januar 1964 blei den delen av Hosanger som ligg på Osterøy, og som hadde 1616 innbyggjarar, slått saman med delar av Bruvik, Hamre og Haus kommunar til den nye Osterøy kommune. Den delen av Hosanger som låg nord for Osterfjorden hadde 791 innbyggjarar, og dette området blei samstundes slått saman med Alversund kommune og delar av Hamre, Lindås, Modalen og Sæbø kommunar til den nye Lindås kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Hosanger kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
2612 2470 2722 2688 2438 2407

Kultur[endre | endre wikiteksten]

  • Hosanger Treskofabrikk er eit lite tresko-museum.
  • Galleri Mjøsvågen er eit lite kunstgalleri
  • Kossdalsvegen er ein veg av kulturhistorisk verdi, restaurert i 1990. Inst i Kossdalen ligg dei 17 Kossdalssvingane som er Noregs brattaste veg med gjennomsnittleg 27% stigning.
  • Markakunstløypa (LandArt-løypa) frå Hosanger sentrum og til inst i Kossdalen er ei årleg kunstutstilling ute i Osterøy-natur.
  • Hosanger kyrkje er ei langkyrkje frå 1796.
  • Hosanger er ein av tre skulekrinsar som tok i bruk norsk til opplæringsmål før stortingsvedtaket i 1892 gav dei formell rett til det[4].

Stadsnamnet Hosanger er truleg danna av orda hose, det vil seie «lang strømpe», og angr, «fjord», og viser til forma på fjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Hosanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. Jostein Krokvik