Hostýnsko-vsetínská hornatina
| Hostýnsko-vsetínská hornatina | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 1 024 | |
| Ligg i/på | Tsjekkia | |
| Fjellkjede | Karpatane | |
| Fjelltype | Fjellkjede | |
Hostýnsko-vsetínská hornatina er ei relativt låg og flat fjellkjede i Tsjekkia.
Fjella er dekka av granskog. Det mest vitja området er dalen Rožnovská Bečva, som ligg like nord for fjellkjeda med landsbyane Valašské Meziříčí og Rožnov pod Radhoštěm, og dalen Vsetínská Bečva i sør med landsbyen Vsetín.
Hostýnsko-vsetínská hornatina er ein del av Vest-Karpatane, og er delt i to av elva Bečva. Dei to områda er den lågare austlege delen Hostýnské vrchy og den høgare vestlege delen Vsetínské vrchy, som er ein del av det verna naturområdet Beskydy. Fjella består stort sett av flysj, og dette gjer fjellsidene forholdsvis ustabile slik at jordras ikkje er uvanleg i området. Det høgaste punktet i fjellkjeda er Vysoká på 1 024 meter, og ligg i den austlegaste delen av fjellkjeda.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hostýnsko-vsetínská hornatina frå Engelsk Wikipedia .