Hoste-øya
| Isla Hoste | |
|---|---|
Hoste-øya. Navarino-øya kan sjåast til høgre. |
|
| Geografi
|
|
| Stad | Eldlandet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 4117 km²
(1402 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Chile |
| Region Provins |
Región de Magallanes y de Antártica Chilena Antártica Chilena |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Hoste-øya (spansk: Isla Hoste) er ei chilensk øy og den nest-største av øyane i Eldlandet. Berre Storøya i Eldlandet er større. Øya har ein rik flora med skogar av sørlege tre. Vestdelen av øya ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark. Sørspissen av øya har fått namnet Det falske Kapp Horn.
Øya har truleg vore ein buplass for Yaghan-folket før dei kvite kom. Chilenarane forsøkte å busetja seg på øya og avla kveg, men måtte gje opp. Nokre få yaghan-familiar budde på øya fram til utpå 1900-talet.
I 1978 brukte Chile øya som stasjon for krigsskip i Operation Soberanía under Beagle-konflikten. Operasjonen vart ikkje sett i verk. Under folketeljinga i 1992 registrerte ein seks fastbuande her, men det er uvisst om desse faktisk budde her eller på andre øyar i nærleiken. I 2002 registrerte ein ingen.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hoste Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2012.