Hot Love
| Hot Love Singel av T. Rex |
||
| B-side | «Woodland Rock»/«King of the Mountain Cometh» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 12. februar 1971 | |
| Sjanger | Glamrock | |
| Lengd | 3:14 | |
| Selskap | Fly Records | |
| Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
| Produsent | Tony Visconti | |
| T. Rex-kronologi | ||
| «Ride a White Swan» (1970) |
Hot Love | «Get It On» (1971) |
«Hot Love» er ein song av det britiske glamrockbandet T. Rex frå 1971. Songen vart gjeven ut som singel og vart den første førsteplassen for bandet i Storbritannia, der han låg i seks veker frå byrjinga av mars 1971. Singelen gjorde det ikkje særleg bra i USA, der han berre nådde 72. plass på Hot 100. Songen nådde 47. plass i Canada i juni 1971. Det var òg den første T. Rex-singelen med både bassgitar og trommer. Han vart særleg populær etter at bandet framførte han på Top of the Pops. Frontmannen Marc Bolan framtrer her i androgyne klede og er dekka i glitter, og var med på å starte glamrockbølgja, som starta med den første singelen hans, «Ride a White Swan».
Andre versjonar [endre]
David Essex songen til 57. plass i Storbritannia i 1980. The Fratellis sin «Ooh La Hot Love» er ein kombinasjon av Goldfrapp sin «Ooh La La» og «Hot Love».
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hot Love (T. Rex song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2011.
|
|
|
|---|---|
| Marc Bolan · Mickey Finn · Steve Currie · Bill Legend Steve Peregrin Took · Miller Anderson · Herbie Flowers · Jack Green · Gloria Jones · Davey Lutton · Tony Newman · Dino Dines |
|
| Studioalbum | |
| Samleplater | Born to Boogie · Hits! - The Very Best of T. Rex |
| Singlar | «Ride a White Swan» · «Hot Love» · « Get It On» · «Jeepster» · «Telegram Sam» · «Metal Guru» · «Children of the Revolution» · «Solid Gold Easy Action» · «20th Century Boy» · «Teenage Dream» |