Hot Stuff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hot Stuff
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Black and Blue
Utgjeve 1976
Innspelt mars 1975
Sjanger Funk
Lengd 5:21
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
«Fool to Cry»
(1976)
Hot Stuff «Miss You»
(1978)

«Hot Stuff» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones frå albumet deira Black and Blue frå 1976.

«Hot Stuff», skriven av Mick Jagger og Keith Richards, vart spelt inn i mars 1975 og var kraftig påverka av disco/funk-stilen i dei dagar, med Charlie Watts på ein tung rytme i lag med Ollie Brownperkusjon, Bill Wyman med funky bass og mykje bruk av ein MXR Phase 100 pedal av både Keith Richards og Wah-wah pedal av gjestegitarist Harvey Mandel, tidlegare frå Canned Heat. Mandel spelar sologitarpartia i songen og var ein av gitaristane som vart vurdert som erstatning for Mick Taylor. Valet fall slutt på Ron Wood. Billy Preston spelar piano på innspelinga.

Musikkvideoen syner Wood på gitardelane som vart spelt av Mandel.

Songen var den andre og siste singelen frå Black and Blue (etter hitten «Fool to Cry»), men vart ikkje like suksessrik som forgjengaren. Han nådde berre 49. plass i USA. Trass i at singelen selde dårleg, kom bandet til å halde fram å utforske disco- og funk-stilen på seinare album og singlar. Den neste singelen deira, to år seinare, var den funky «Miss You» som nådde heilt til topps i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]