Hotel Alexandra

Koordinatar: 61°52′23″N 6°50′39″E / 61.87306°N 6.84417°E / 61.87306; 6.84417
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°52′23″N 6°50′39″E / 61.87306°N 6.84417°E / 61.87306; 6.84417

Hotel Alexandra på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Hotel Alexandra er eit fullservicehotell i bygda Loen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hotellet vart opna av hotellmannen Anders Markusson Loen under namnet Loen's Hotell i 1884, men har sidan 1892 vore i kontinuerleg drift under namnet Hotel Alexandra. Hotellet er oppkalla etter prinsesse Alexandra av Danmark, mor til dronning Maud.

Hotel Alexandra, frå 1884 og fram til i dag[endre | endre wikiteksten]

Hotellet har gjennomgått fleire små og store utbyggingar og endringar opp gjennom åra, men framstår i dag som eit moderne familie- og turist- og konferansehotell. Hotel Alexandra er eit av dei største hotella i Noreg, uansett om du reknar etter omsetning, gjestedøgn eller tal tilsette.[treng kjelde]

Hotel Alexandra mellom 1890 og 1900, fotokrom frå Library of Congress

Hotellet er ein del av eit konsern som også eig nabohotellet Hotel Loenfjord like ved. Det er i dag fjerde og femte generasjon av same familie som leier drifta. Drifta har forøvrig vore heilårsbasert sidan 1974. Pr. juni 2009 har Hotel Alexandra 189 hotellrom, fire restaurantar, to barar, nattklubb/diskotek, eigen vinkjellar og eit bad- og spaanlegg som kosta over 60 millionar kroner å byggje.

Richard Grov er administrerande direktør i konsernet. Han har før dette vore hotelldirektør ved Hotel Alexandra sidan 1996. Han er son av Eivind Grov som var adm. dir frå 1965 til han trappa ned i 2010.


I 2007 vart verksemda heidra med Nynorsk næringslivspris.

Berømte gjester[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]