Hotel Union Øye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hotel Union Øye

Hotel Union Øye er eit hotell i sveitsarstil som ligg på Øye ved Norangsfjorden i ØrstaSunnmøre. Det vart bygd i 1891. Bygningen vart levert ferdig prefabrikkert av trelastfirmaet M.Thambs & co, Trondheim. Dei som bygde Hotel Union Øye bygde på same tid Hotel Union Geiranger i same stil. Men selskapet gjekk konkurs før hotellet på Øye stod ferdig. Hotel Union Øye vart same året kjøpt av konsul Peder Elibert Tonning. Petra, syster til Tonning, og Peter Stub stod for den daglege drifta.

Fire hotell[endre | endre wikiteksten]

Då Hotel Union vart bygd stod det tre andre hotell i Norangsdalen.

FønixØye frå 1883, Hotell NordangdalFivelstadhaugen frå 1885 og Hotel RetiroNordang frå 1890. Konsul Tonning selde Hotel Union til Birgitte og Martin Dahl i 1913. Då Martin Dahl døydde i 1954 tok sonen Karl Dahl og kona Aslaug over drifta. Unnateke fem år på 1970-talet var det familien Dahl som åtte og dreiv hotellet til i 1981. Då vart det kjøpt av Ørsta frikyrkje. Hotelldrift vart kombinert med kursaktivitet fram til 1989.

Då kjøpte Ole Henrik Eidsvik hotellet. Kort etter overtok Per Ola Ratvik saman med Johan Øye og Idar Nordang. Etter det har Hotel Union Øye vorte heilt renovert.

Frå 2009 overtok Flakk Gruppen, ved selskapet 62°NORD AS, hotellet.

Salongen, og dei andre roma er førd attende til opphavleg stil

Drifta[endre | endre wikiteksten]

Hotellbyggingen i Norangsdalen kring 1890 kom som eit svar på den aukande turistferdsla. Turistar, lokka av den storfelte naturen på Sunnmøre, la ofte turen innom fjordane og fjella. Dei andre hotella i dalen måtte etter kvart gi opp drifta. Fønix, som låg like ved Union, vart overteke av dette og brukt til avlasting. Her vart det montert straumaggregat som gav lys til båe hotella. Kort etter brann Fønix ned. For å halde maten fersk hadde Hotel Union eikeskap som vart nedkjølte av is som vart henta frå fjella rundt. Det hadde og brønn i kjellaren der ferskmat vart halden nedkjølt.

Hotellet vart utvida i 1926 og i 1932. I 1938 hadde eigaren ferdig teikning til utviding. Men det vart ikkje noko av, grunna den utrygge situasjonen i Europa. Mange er i dag glade for at hotellet ikkje vart utvida, då det truleg ville ha mist mykje av særpreget sitt.

Gjestane[endre | endre wikiteksten]

Keisar Vilhelm II

Kongelege[endre | endre wikiteksten]

Gjesteromma på Hotel Union Øye har namn etter kjende og særmerkte gjestar som har vitja hotellet. Fleire kom att mange gonger. Nokre årvisst i lenge periodar.

Keisar Vilhelm II av Tyskland var fleire gonger på Hotel Union under dei årlege turane til Noreg. Når han åt på hotellet hadde han med seg sine personlege kokkar. På keisar Wilhelm II sitt rom står no keisaren sitt personlege badekar.

22. juli 1896 var kong Oscar II av Sverige og Noreg på vitjing. Lokale bønder var samla ved hotellet og protesterte mot kongen.

I 1906 var kong Haakon, dronning Maud og kronprins Olav innom Hotel Union Øye på signingsferda.

Dronning Wilhelmina av Nederland overnatta ofte på Hotel Union. Ofte var kronprinsesse, seinare dronning Juliana med. Det vert fortalt at Wilhelmina på det faste rommet sitt fekk senga snudd slik at andletet skulle vende mot aust om ho døydde om natta.

Då dronning Sonja og kong Harald feira sølvbryllaup i 1993, var følgjet deira på besøk på Hotell Union Øye.

Fjellfolk[endre | endre wikiteksten]

Ei anna gruppe som har sett sitt preg på hotellet er fjellklatrarar og fjellvandrarar. Mellom gjestane dei første åra var mange engelskmenn som kom til Noreg for å klatre. Rundt Øye ligg alpine toppar som Jakta, Smørskredtinden, Brekketinden og Slogen, som stig til vers rett bak hotellet. Fleire førsteklatringar har vorte utførte med Hotel Union som utgangspunkt. Mange av klatreopplevingane finn vi nedteikna i Climbers book, som vart gitt til hotellet av Gerald Arbuthnot i 1897.

Hotellet dreiv aktiv marknadsføring i dei engelske klatremiljøa. Det vart mellom anna sendt brosjyrar til 186 klatreklubbar i England.

Den engelske klatraren som har vorte mest knytt til Hotel Union og Øye er Charles Watson Patchell. Mest kvart år frå 1892 til 1914 var han på hotellet. Frå 1923 til 1939 var han årviss gjest. Han hadde sitt eige rom der han hadde sine private ting, og som ingen annan fekk leige. Fleire klatrande britar kom til Øye på grunn av han. 15 førsteklatringar rundt Hjørundfjorden er knytt til namnet hans. På 1920-talet fekk han bygd Patchellhytta i fjelldalen Habostaddalen ovanfor Hotel Union Øye.

Klatrepioneren Wilelm Cecil Slingsby var og ein flittig gjest.

Andre gjestar[endre | endre wikiteksten]

Av andre kjende gjestar som har fått rom kalla opp etter seg kan nemnast: Sir Arthur Conan Doyle, Karen Blixen og Claus Heiberg.

Steinen på loftet[endre | endre wikiteksten]

Første mai 1940 vart ein norsk tankbåt senka i Norangsfjorden av tyske bombefly. Under luftangrepet eksploderte ei bombe i steinurda bak hotellet. Ein stor stein vart kasta mot hotelltaket, som han gjekk i gjennom. Steinen vart liggjande i 3. høgda. Der ligg han framleis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ratvik, Per Ola:Hotel Union Øye, 2005, ISBN 83-303-0592-7
  • Lødemel,Ivar: Hotel Union Øye 1891 - 1991, Frå Hjørundfjord Årsskrift nr 13, Hjørundfjord Sogelag 1991