Hotell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kviknes Hotell i Balestrand er eit av dei mest vidgjetne eldre turisthotella i Noreg. Bygningen er eit godt døme på den arkitekturen som vert kalla sveitserstil.
Foto: Nina Thune
.

Hotell (frå fransk: hôtel, gamalfransk hostel, eigenleg same ordet som hospital) er eit hus, eit gjestehus, som har nok rom og personale til å ta hand om ferdafolk eller andre for ein eller fleire overnattingar. Gjesten betaler for kvar natt, eller for den tidsbolken hotellet vert nytta.

Etter lovgjevinga i Noreg og i mange andre land vert det kravd at gjestehusa skal vere av ein fastsett minstestorleik og halde ein fastsett minstestandard både på bygningen og på tenestenivået for å kunne nytte nemninga hotell. Eit vanleg hotellrom har senger for einslege eller familiar, i det minste eit bord, klesskap, og dessutan dusj eller bad i eit tilhøyrande rom, eller vaskeservant på rommet. Kjøleskap, gjerne kalla minibar og fylt opp med drikkevarar som skal betalast særskilt, fjernsynsapparat, telefon og trådlaust internettsamband, har òg vorte vanleg utstyr på rommet. I mange hotell er det òg restaurant eller annan stad å ete, og dessutan symjebasseng, trimrom og liknande innretningar til velvære og tidtrøyte. Dessutan har mange hotell konferanse- og kursrom, slik at hotellet kan leigast av firma og organisasjonar for kurs og konferansar som skal haldast for tilsette eller andre.

Hotell som ligg på høgfjellet eller på turiststader, og soleis tek sikte på å nyttast av gjestar som ynskjer rekreasjon og ferie, kallar seg ofte høgfjellshotell eller turisthotell. Hotell attmed hovudvegar, som har bilistar som si viktigaste målgruppe, nyttar seg ofte av nemninga motell, som er ei samansetjing etter engelsk mønster av orda motor og hotell. Eit billeg, enkelt gjestehus vert ikkje kalla hotell, men hospits, herberge, vandrarheim eller liknande.