Hother Bøttger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hother Erich Werner Bøttger (18. mai 180127. oktober 1857) var ein bankbokhaldar, stadskonduktør og stortingsmann frå Skien.

Bøttger var son av ein organist. Sjølv utdanna han seg til snikkarmeister, og seinare til arkitekt ved kunstakademiet i København. Han vart i 1834 tilsett som stadskonduktør i Skien og Porsgrunn. Bøttger er kjend for ei rekke ombyggingar, til dømes Skien kyrkje og hovudgarden på Holden, samt teikningane til Noregs banks bygning i Skien. Elles forma han ei rekke teikningar av omnar for Ulefos Jernværk.

Bøttger var stortingsrepresentant for Skien i 1845 og 1857. På fyrste tingsamlinga var han medlem av næringskomite nr 1, medan han i 1857 var sekretær både i desisjonskomiteen og og i komitéen om stortingsbygninga.

Han var medlem av bystyret i Skien frå 1839 og forlikskommisjonen frå 1852. Bøttger døydde i Skien i 1857.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Ombygginga av eksteriøret på Skien gamle kirke (1840–1842). Gjekk tapt 1886 i bybrannen.
  • Noregs Banks bygning i Skien saman med Hans Linstow. (1849)[1]
  • Ombygginga av Skien latinskole (1854). Gjekk tapt 1886 i bybrannen.
  • Ombygginga av Holden hovedgård (1850-åra)
  • Tollboden i Skien (1860)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Varden.no – 2,8 mill. dyrere (Av Tom Erik Thorsen – Publisert 26. november 2008, besøkt 11. mars 2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnarsjaa, Arne: Arkitekturleksikon. Oslo 2007
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914