Hound Dog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Hound Dog»
Singel av Elvis Presley
A-side «Don't Be Cruel»
Utgjeve 13. juli 1956
Innspelt 2. juli 1956 i New York
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:15
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller
Produsent Steve Sholes (Elvis Presley)
Elvis Presley-kronologi
«I Want You, I Need You, I Love You»
(1955)
«Hound Dog» «Blue Suede Shoes»
(1956)

«Hound Dog» er ein 12-taktsblues skrive av Jerry Leiber og Mike Stoller og opphavleg spelt inn av Willie Mae «Big Mama» Thornton i 1952. Andre tidlege utgåver songen vart spelt inn som blues, country og rock and roll i midten av 50-åra. I 1956 spelte Elvis Presley inn den mest kjende utgåva av songen. Denne versjonen vart plassert på 19. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1] «Hound Dog» vart spelt inn av fem country-artistar i 1953 og over 26 gonger fram til 1964. [2]. Frå 1970-åra og framover har songen vore med i mange filmar, som American Graffiti, Grease, Forrest Gump, Lilo og Stitch og Indiana Jones and the Kingdom of the Crystal Skull.

Big Mama Thornton[endre | endre wikiteksten]

Bluessongaren Big Mama Thornton fekk sin største hit med «Hound Dog», som ho spelte inn i 1952. Songen vart gjeve ut i mars 1953 og gjekk til topps på Billboard si rhythm and blues-lista.[3]

Elvis Presley[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley og bandet hans plukka opp songen etter å ha høyrt han spelt av Freddie Ball and the Bellboys i Las Vegas. Presley spelte songen på nasjonalt fjernsyn på The Milton Berle Show 5. juni 1956, ei utgåve der Elvis vrikkar og vrir på seg til stor entusiasme frå publikum. Over 40 millionar såg sendinga og dagen etter vart reaksjonaen store. Berle sin TV-kanal fekk mange protestbrev og såkalla moralske vaktarar gjekk til åtak på Elvis i pressa. [4]

Studioutgåva av songen vart spelt inn 2. juli 1956 i RCA Records sitt studio i New York City. Elvis sitt vanlege band med Scotty Moore på sologitar, Bill Black på bass, D.J. Fontana på trommer og korvokal frå the Jordanaires spelte på songane, og dei to andre songane, «Don't Be Cruel» og «Any Way You Want Me», som vart spelt inn same dag. Steve Sholes frå RCA vart ført opp som produsent, sjølv om studioopptak frå denne dagen viser at Elvis produserte songane sjølv. Presley ønskte å få songen nøyaktig slik han hadde tenkt og det vart spelt inn 30 versjonar før nummer 28 til slutt vart vald ut.

«Don't Be Cruel» vart A-sida på singelen, medan «Hound Dog» vart B-sida,[5] og singelen kom ut 13. juli 1956. Begge sidene av singelen gjekk til topps på singelen, noko som er sjeldan. Singel var òg den første som toppa alle tre listene til Billboard samstundes: popcountry & western og rhythm & blues.

9. september, med songen på toppen av den amerikanske lista, spelte Presley og bandet songen på Ed Sullivan Show, der han berre vart filma frå hofta og opp. Han introduserte songen med «Friends, as a great philosopher once said...». 28. oktober spelte han songen på same programmet ein gong til, denen gong vist i heilfigur.[6]

Singelen selde over 4 millionar eksemplar berre i USA og låg elleve veker på toppen av lista. Songen låg på toppen til han vart erstatta av «Love Me Tender», òg av Elvis.

Musikkmagasinet Q plasserte songen på 55. plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. Rolling Stone plasserte songen på 19. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom anna John Entwistle (bassist i The Who), Jimi Hendrix, Little Richard, The Everly Brothers, Jerry Lee Lewis, John Lennon, Robert Palmer, Gene Vincent & His Blue Caps, Eric Clapton, Jeff Beck, Jerry Williams og James Taylor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The RS 500 Greatest Songs of All Time. Vitja 2007-06-02.
  2. Ho (RCS Song Tittels Index)
  3. billboard.com
  4. «Key Terms in Popular Music and Culture» av Bruce Horner, Thomas Swiss s. 195 ISBN 0-631-21264-7
  5. Elvis Presley: RCA Victor 6604
  6. The Ed Sullivan Shows DVD SOFA ENTERTAINMENT, INC.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]