Hovatn i Bygland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovatn
Stad Bygland (Aust-Agder)
Koordinatar 58°58′48″N 07°47′27″EKoordinatar: 58°58′48″N 07°47′27″E
Overflateareal 6,85 km²
Kystlengd1 18,31 km
Høgd over havet 691 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Hovatn er ein innsjø som ligg i Bygland kommune i Aust-Agder.

Vatnet er regulert og vert nytta som magasin for Hovatn kraftverk. Det opphavlege utløpet låg i sørenden av vatnet, og Hovassåne har utløpet sitt i Åraksbø.

Historiske fakta[endre | endre wikiteksten]

Elva har gjennom historia vore svært viktig for Åraksbø, sidan han har gjeve kraft til sagbruk og kraftverk, òg omtalt under Åraksbø. Alt i 1840-åra vart det sett opp ein tredemning i Hovatn for å regulere vassforsyninga til Kobberværket. Denne demninga er framleis synleg når vatnet er heilt nedtappa, og ligg 50-60 m. innanfor dagens demning. I 1916 vart det bygd ei ny demning for å regulere vatnet. Formålet var å sikre meir vatn i samband med kraftutbygginga lenger nede i Otra. Den nye demninga vart bygd då Hovatn kraftverk vart bygd i 1969. Hovatn var då det kraftverket i Europa med størst effektutnytting av vatnet. I nyare tid fekk Agder energi konsesjon til å sprenge kanalar for å leie vatnet som vart ståande igjen på sørsida av Vikodden over til inntakstunnelen, noko grunneigarane var sterkt imot grunna fiske og dei kraftige miljømessige inngrepa dette ville medføre. Denne saka vann grunneigarane, og ingen kanal vart bygd.

Utfartsområde[endre | endre wikiteksten]

Hovatn er omgjeve av nydeleg natur, og er eit populært utfartsområde. Bomvegar går frå både Åraksbø og Austad.

Det finst òg vatn i Bykle kommune, Valle kommune og Levanger kommune med det same namnet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Aust-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.