Hovden Skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hovden skisenter)

Hovden skisenter er eit alpinsenter i Hovden i Bykle kommune i Agder. Senteret vart opna fyrste gongen i 1968, med ein stolheis som førte til toppen av Nos. I dag er Hovden skisenter det største skianlegget i Agder-fylka og har 3 stolheisar, 5 skitrekk, 1 skiband, barneområde og ein heiskapasitet på 10 000 personar i timen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hovden Alpinsenter – Om oss». hovdenalpinsenter.no. Henta 20. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]