Hovdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovdyr


Tapir, Tapirus sp.
Tapir, Tapirus sp.

Systematikk
Rike: Dyr (Animalia)
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Underrekkje: Virveldyr (Vertebrata)
Klasse: Pattedyr (Mammalia)
Infraklasse: Placentale pattedyr (Eutheria)
Orden: Hovdyr (Perissodactyla)
Familiar[1]

Hovdyr (Perissodactyla) er ei gruppe pattedyr som kjennest ved at dei har eit oddetal tær (ein eller tre), derav namnet upartåa hovdyr. Kvar tå sluttar i ein kort, brei negl, ein hóv. Hóvar er laga av keratin, det same som neglar og klør.

Artane varierer mykje i utsjånad. Zoologen Richard Owen oppdaga på 1800-talet at desse dyra er nærskylde. Sjølv om dei ulike artane har store forskjellar i utsjånad, finst det likskap i føtene og tennene.

Alle hovdyr stammar frå artar med fem tær. Reduksjonen i talet på tær og evolusjonen av hover skjedde fleire gonger uavhengig. Hovdyra (tapirar, neshorn og hestar) har ein eller tre tær, og utgjer ei naturleg gruppe. Deira næraste slektningar er ikkje klauvdyra, slik ein lenge trudde, men truleg skjeldyr og rovpattedyr. Hovdyr (i tydinga hov- og klauvdyr) er difor inga systematisk gruppe, sjølv om gruppa hadde fått det vitskaplege namnet Ungulata i eldre systematikk. Nemninga ungulate blir brukt ein del på engelsk, men ikkje på norsk. Klauvdyra sjølv ser òg ut til å vere ei kunstig gruppe, sidan kvalane ser ut til å vere ein del av denne gruppa.

Hos dei upartåa er det den midterste tåa, opphavleg den tredje tåa, som er framtredande og ber det meste av vekta til dyret.

Av og til har òg elefantane vorte rekna til hovdyra, men desse er ikkje spesielt nærskyldt med verken partåa eller upartåa hovdyr.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Mammal Species of the World, 3rd edition (MSW3) Taksonomien til American Museum of Natural History er referanse for norsk systematikk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hovdyr