Hovedbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DS «Skibladner» ved kai ved den gamle Eidsvoll stasjon.
Eidsvoll stasjon frå 1878 på Hovedbanen er lagt ned og erstatta med ein ny Eidsvoll stasjon i nærleiken, bygd i samband med at Gardermobanen vart ført fram til Eidsvoll og knytt saman med delparsellen Eidsvold-Hamarbanen av Dovrebanen.
Skiftestasjonen for godstog på Alnabru i Oslo, som flyfotoet syner ein part av, har tilkomst frå Hovedbanen. Hovedbanen går i boge utanom stasjonsområdet, til høgre på fotografiet.
Bøn stasjon.
Dal godshus.
Jessheim stasjon.
Kløfta stasjon.
Lillestrøm stasjon.
Lørenskog stasjon.
Grorud jernbanestasjon.
Nyland haldeplass.
Bryn stasjon.
Østbanestasjonen i Oslo, erstatta av Oslo Sentralstasjon
Foto: John Erling Blad
.

Hovedbanen mellom Oslo og Eidsvoll ved øvre delen av elva Vorma er den eldste jarnbanestrekninga i Noreg, bygd for norsk-britisk kapital, opna 1. september 1854, og frå 1854 drive av eit halvoffentleg aksjeselskap, Norsk Hoved-jernbane. Bana vart statsbane i 1926.

I kombinasjon med dampbåtar på innsjøen Mjøsa og ned Vorma til Eidsvoll, revolusjonerte bana sambandet mellom Oslo og stroka kring Mjøsa og oppover Gudbrandsdalen. Særleg hadde bana mykje å seie for transporten av tømmer og trelast frå desse stroka til Oslo for lokal bruk og for utskiping. Den gamle hjuldampbåten DS «Skibladner» siglar no som turistbåt frå Eidsvoll til byar og andre stader attmed Mjøsa om sumaren.

Hovedbanen er 68 km lang. På strekninga mellom Oslo og Lillestrøm vart bana utvida til dobbeltspor i 1904, og strekninga vart elektrifisert i 1927. Resten av bana har framleis berre eitt spor, og denne strekninga vart elektrifisert i 1953. Det er mange stasjonar og haldeplassar langs bana, dei viktigaste er Bryn, Strømmen, Lillestrøm, Jessheim og Eidsvoll. Strekninga frå Oslo sentralstasjon og opp til Bryn stasjon er den brattaste på jarnbanelinene i Noreg nest etter Flåmsbanen.

Etter opninga av den dobbeltspora høgfartsbana Gardermobanen i heilt ny trasé mellom Oslo og Eidsvoll via Oslo lufthamn Gardermoen, nyttar passasjertoga i langdistansetrafikk denne bana i staden for Hovedbanen. Dette gjev mange byar og distrikt nordover og austover på Austlandet eit greitt togsamband med flyplassen, ettersom Gardemobanen er knytt saman med saman med Dovrebanen på den nye Eidsvoll stasjon.

Hovedbanen har difor vorte ei lokalbane på heile strekninga mellom Oslo og Dal stasjon når det gjeld persontrafikk. Siste persontog på strekninga mellom Dal stasjon og Eidsvoll stasjon gjekk i 2004, og her er det no berre godstrafikk.

Den viktige skiftestasjonen og terminalen for godstog på Alnabru i Groruddalen i Oslo er knytt til Hovedbanen. På denne stasjonen vert vognene i godstoga kopla frå kvarandre og sorterte etter destinasjonar i kvar sine spor for å setjast saman til nye tog til dei einskilde destinasjonane. Dessutan er her spor for overføring av gods mellom tog og bil, og store lagerhus. Hovedbanen på strekninga mellom Lillestrøm og Oslo vert difor nytta av både lokaltog og godstog.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
Vis alt Vis oversikt +
Dovrebanen fra Hamar
Eidsvoll stasjon (1998)
Gardermobanen
67,51 km Gamle Eidsvoll stasjon (1854) DS «Skibladner» frå Lillehammer
181 Eidsvollvegen
Møllerhaugen (205 m)
Fv502 Finstadvegen
Andelva (35 m)
Hundsbitet (1932)
Andelva (35 m)
Fv505 Bønsbakken
62,25 km Bøn (1855)
62,0 km
Andelva
Andelva (47 m)
Løken tunnel [1](Norges første jernbanetunnel, 162 m)
Bønstunnelen (243 m)
Bønsdalen fabrikker
61,0 km Bønsparsellen (1854-1944)
Teglverket (1932-1953)
59,54 km Varud (1953-2004)
Heiret (1932-1942)
Fv503 Aksel Bråtens veg
57,20 km Dal (1854) 152,4 moh.
Fv503 Sessvollvegen
Fv458
Herregården (1937-1942)
Sand (1932)
53,44 km Sand (1992)
179 Hauersetervegen
sidespor til Syverstad
49,62 km Hauerseter (1894) 217,4 moh.
Hauerseter-Gardermobanen til Gardermoen
174 (ca. 40 m)
46,10 km Nordby stasjon (1932)
44,60 km Jessheim (1854) 203,8 moh.
178 Algarheimsvegen
Hovedbanen (160 m)
Smedstua (1932)
42,22 km Langeland forbindelsesspor frå Gardermobanen
Dølibanen bru (1997, 300,0 m)
Fv456
Dragvoll (1932)
Asper (1932)
Lystad (1932)
40,01 km Asper (1984-1993)
Holum (1932)
Bogstadbråten Gardermobanen frå Langeland
36,48 km Kløfta (1854) 168,5 moh.
Gardermobanen
Hovedbanen
32,39 km Lindeberg (1944) 153,0 moh.
29,86 km Frogner (1854) 124,7 moh.
Børke bru Leira (ca. 60 m)
Gardermobanen
33,62 km Arteid (1932)
Hovedbanen
32,39 km Lindeberg (1944) 153,0 moh.
Fv255 Lindebergveien
171 Haldenvegen
Nybrøtt (1932)
29,86 km Frogner (1854) 124,7 moh.
Børke bru Leira (ca. 60 m)
Børke (1932)
26,87 km Leirsund (1997)
Engerveien (ca. 30 m)
26,66 km Leirsund (1859) 108,4 moh.
Farseggen (ca. 75 m)
Fv382 Rolf Olsens vei
25,20 km Lillestrøm N (1997)
industrispor
industrispor til Skogvollenga
Hovedbanen Fetveien (ca. 30 m)
Lundsovergangen (1932)
Fv381 Nittedalsgata (ca. 30 m)
120 Jernbanegata (ca. 30 m)
Kongsvingerbanen
20,95 km Lillestrøm (1854) 109,0 moh.
Fv381 Nitelva bru
Nitelva (46 m)
Stalsberg Gardermobanen til Oslo
19,05 km Sagdalen (1938)
159 Strømsveien (ca. 20 m)
Flaen bru Sagelva (27 m)
Strømmen sidebane
Fv380 Niels Høeghs vei
17,93 km Strømmen (1854)
sidespor til Strømmens Værksted
16,42 km Fjellhamar (1931) 159,5 moh.
Losbylinja
15,50 km Hanaborg (1956)
Hovedbanen Lørenskogveien (ca. 20 m)
14,15 km Lørenskog (1857) 159,3 moh.
Hovedbanen
13,09 km Høybråten (1921) 154,6 moh.
12,09 km Haugenstua (1937)
sidespor til Sannerud
industrispor til Grorud 127,0 moh.
10,50 km Grorud (1854)
9,30 km Nyland (1944)
Statsbanenes verksted
sidespor til Leirdal
Hovedbanen Nedre Kalbakkvei (ca. 30 m)
sidespor til Veitvet grustak
sidespor til Volla
Alnabruterminalen: Alna godsterminal
6,87 km Alna (1971)
Alnabruterminalen: Linjegodsterminalen
6,50 km Alnabru stasjon (1902)
Alnabanen
Hovedbanen (111 m)
Hovedbanen Adolf Hedins vei
3,89 km Bryn (1858) 78,3 moh.
Loenga-Alnabrulinjen
Oslo T-bane
Etterstad Gardermobanen
Gjøvikbanen (25,8 m)
Vålerenga
Galgeberg 161 St. Halvards gate
Grønland Østfoldbanen
Havnebanen (nedlagt og fjerna)
0,27 km Oslo Sentralstasjon (1854)
Oslotunnelen (1980) Drammenbanen


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jernbaneverkets verneplan

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]