Hovgården

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gravhaugen Kungshögen på Hovgården, Adelsö.

Hovgården er ein arkeologisk lokalitet (arkeologisk funnstad) på Adelsö i Mälaren. Saman med restane etter vikingtidas handelsstad Birka på granneøya Björkö er Hovgården innskriven i 1993 på UNESCO-lista over verdsarv.

På Hovgården låg det i vikingtida ein kongsgard som styrte over Birka, men ikkje noko er att av han. Her finst gravfelt med store gravhaugar der ein reknar med at sveakongar (Birkakongar) ligg gravlagt, bygdeborgar (fornborgar), ein runestein kalla Håkansteinen, og ein tingplass som truleg var i bruk på 800-talet under kong Björn, konge i Uppland tidleg på 800-talet. Kong Björn, som truleg hadde tilhald på kongsgården på Adelsö, er kjent som den kongen som tok godt imot dei kristne misjonærane som ifylgje skildringa i boka om livet til Heilage Ansgar, Vita Anskarii, av erkebiskop Rimbert av Bremen-Hamburg, kom til Birka om lag år 830.

På Hovgården ligg dessutan ei steinkyrkje, Adelsö kyrka, bygd på 1100-talet, seinare ombygd og framleis i bruk. Kyrkja vart truleg bygd for å nyttast av både kongen som budde på kongsgarden attmed kyrkja, og som kyrkje for den ålmene kyrkjelyden. Det har kan hende vore ei trekyrkje her før steinkyrkja vart reist, og denne kyrkja vil då ha vore blant dei fyrste kyrkjene i Sverige. Men spor etter ei slik trekyrkje har ein ikkje funne.

På Hovgården ligg òg ruinane etter palasset Alsnöhus. Palasset høyrde til Magnus Ladulås, som eigenleg heitte Magnus Birgersson, fødd om lag 1240, død 18. desember 1290, og fyrst vart hertug, deretter konge av Sverige frå 1275 til 1290. Alsnöhus var staden for eit viktig møte i 1279 eller 1280 som gav grunnlag for å fastsetje rettane for adelen ved ei forordning.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.