Hovudpostkontoret i Dublin

Koordinatar: 53°20′58″N 6°15′40″W / 53.349334°N 6.261075°W / 53.349334; -6.261075
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
General Post Office (engelsk)
Ard-Oifig an Phoist (gælisk)

Hovudpostkontoret i 2006
StadO'Connell Street, Dublin 1, Irland
EigarAn Post
ArkitektFrancis Johnston
Påbegynt12. august 1814
Opna6. januar 1818
Stilnyhellenistisk arkitektur, Georgiansk arkitektur
Kart
Hovudpostkontoret i Dublin
53°20′58″N 6°15′40″W / 53.349334°N 6.261075°W / 53.349334; -6.261075

Hovudpostkontoret i Dublin er hovudkvarteret til det irske postvesenet (An Post) og det største postkontoret i Dublin. Det ligg midtvegs i hovudgata O'Connell Street, og er ein av dei mest kjende bygningane i Irland. I historisk samanheng er det særleg kjend som åstad for påskeopprøret i 1916. Postkontoret er i Greek Revival-stil, og var eit av dei siste offentlege bygga reist under den georgianske byggjeperioden i Dublin.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Frå posthallen.

Postkontorbygningen opna 6. januar 1818 i dåverande Sackville Street (no O'Connell Street) etter at hovudpostkontoret i Irland først hadde vore husa ulike bygningar rundt College Green.[1]

Bygningen var utforma av arkitekten Francis Johnston og blei bygd i løpet av tre år for 50 000 pund.[1] Grunnsteinen blei lagt av den irske statthaldaren Charles Whitworth, første jarl Whitworth 12. august 1814 under oppsyn av dei to hovudpostmeisterane (Post-Masters-General) Charles O'Neill, første jarl O'Neill og Laurence Parsons, andre jarl av Rosse.[2][3]

Fasaden er bygd av portlandstein og er ein jonisk portiko med seks joniske søylar. Oppå dei ligg eit entablement med ei rikt dekorert frise. Den trekanta tympanonen hadde tidlegare det britiske riksvåpenet, men dette blei fjerna etter at Irland fekk sjølvstende og bygget blei restaurert. På taket står tre statuar utforma av John Smyth: Hibernia (ei kvinneleg personifisering av Irland) i midten, Merkur (bodberaren til gudane) til høgre og Fidelity (truskap) til venstre.[1]

Hovudbygget blei laga i Wicklow-granitt.[1] Det har tre etasjar, og er litt over 15 meter høgt. Inne i bygget er ein stor posthall med ein mezzanin over skrankane.[4] Han har kassettak med greske dekorasjonar.[4]

Den nedste delen av bygningen har rustikaveggar. Øvst har hovudbygningen ein gesims med balustrade.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sackville Street (seinare O'Connell Street) under britisk styre med eit britisk flagg på toppen av hovudpostbygningen. Størsteparten av bygget og Hotel Metropole ved sida av blei øydelagt under påskeopprøret.
Statuen av Hibernia med det irske flagget. I framgrunnen Dublin-spiret og ein statue av fagforeiningsleiaren James Larkin.

Under påskeopprøret i 1916 blei sjølvstendeerklæringa til opprørarane lesen opp her.[4]

Under kampane blei hovudpostkontoret delvis øydelagd. Bygningen blei gjenreist og opna att i 1929 under Den irske fristaten.[1] Opprøret er minna med skulpturen Cúchulainn av Oliver Shepherd inne i postkontoret.[4]

Ovanfor bygget stod opphavleg ein søyle med statue av den britiske sjøhelten Horatio Nelson. Denne blei øydelagd av eit IRA-bombeåtak i 1966. I dag står Dublin-spiret på plassen der søylen tidlegare stod. Ein statue av fagforeiningsleiaren James Larkin er reist like ved.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «The General Post Office—a landmark building», anpost.ie
  2. Haydn, Joseph (1851). The Book of Dignities. London: Longmans, Brown, Green and Longmans. s. 461. 
  3. M'Gregor, John James (1821). Picture of Dublin. Dublin: C. P. Archer. s. 40. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «1814 – General Post Office, O’Connell Street, Dublin», archiseek.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

53°20′58″N 6°15′40″W / 53.349334°N 6.261075°W / 53.349334; -6.261075