Hovudserien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Hovudserien er kurva der hovuddelen av stjernene befinn seg i Hertzsprung-Russell-diagrammet. Stjerner på dette bandet er kjent som hovudseriestjerner eller dvergstjerner. Dei kaldaste stjernene er dei raude dvergane.

Denne lina er så tydeleg fordi spektraltypen og luminositeten avheng lineært av ikkje fleire faktorar enn stjernemassen så lenge stjerna fusjonerer hydrogen. Dette gjer dei aller fleste stjernene i det aktive livet sitt.

Når ein ser nærare etter er ikkje hovudserien nøyaktig ei line, men er litt utflytande. Det er mange grunnar til dette, den viktigaste er stadig uvisse i observasjonane. Uvissa ligg hovudsakleg i manglar i avstandsutrekningane, men kan au variere heilt til uskilte dobbeltstjerner.

Men sjølv perfekte observasjonar vil gi ein utflytande hovudserie. Grunnen er at massen ikkje er den einaste parameteren ei stjerne har. Den kjemiske samansettinga og utviklingsstatusen hennar, som er forbunde med kvarandre, kan au flytte stjerna litt på hovudserien. Andre parametrar som kan føre til dette er nære fylgjesvener, rotasjon eller magnetfelt for å nemne somme. Det er få metallfattige stjerner (subdvergar) som ligg rett under hovudserien sjølv om dei fusjonerer hydrogen, og dermed kan den kjemiske samansettinga gi ei nedre grense på utflytinga.

Til vanleg kjem stjernene inn på og forlét hovudserien ovanfrå høvesvis når dei er fødde eller startar å døy.

Sola er ei hovudseriestjerne, ho har vore det i ca. 4,5 milliardar år og vil fortsette med det enda 4,5 milliardar år. Etter at hydrogenreservoaret i kjernen er tømt vil ho ekspandere til ei raud kjempe.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]