Hovudtelefon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit par lukka hovudtelefonar

Hovudtelefonar er utstyr som består av små høgtalarelement som enten kan plasserast rett utanpå det ytre øyret, eller setjast eit lite stykkje inn i øyregangen.

Det finst fleire typar hovudtelefonar til ulike høve. Dynamiske element er vanlegast, medan dyrare elektrostatiske hovudtelefonar er sjeldnare.

Utanpåliggjande hovudtelefonar[endre | endre wikiteksten]

Hovudtelefonar av den utanpåliggjande typen delast inn i tre klassar: Lukka, halvopen og open.

Den lukka typen har den fordelen at dei isolerer lyd bra. Dei hindrar lyd i å kome inn og forstyrre lyttaropplevinga, og dei hindrar samtidig lyden i å kome ut og forstyrre dei rundt. Denne typen hovudtelefonar er veldig vanleg i platestudiosamanheng. Ein annan fordel med den lukka konstruksjonen er den gode attgjevinga av bass den kan gje. Ulempa er at lyden ofte blir mindre open.

Halvopne hovudtelefonar[endre | endre wikiteksten]

Den halvopne typen har ein pute som sluttar tett rundt eller mot det ytre øyret, med ein kappe som er open utover. Denne typen har blitt veldig vanleg i seinare tider. Puta er med på å gje god attgjevinga av bassområdet, samtidig som den opne konstruksjonen bidreg til ein open og luftig lyd.

Opne hovudtelefonar[endre | endre wikiteksten]

Den heilopne typen er open både mot øyret og utover. Høgtalarelementa heng da litt utanfor øyret. Ny teknikk har løyst det tidlegare problemet med nivåfall i bassen på opne hovudtelefonar. Desse heilt opne løysningane kan gje ein meir naturleg lyd, fordi også det ytre øyret er med på å påverke lydbølgjene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hovudtelefon